Hopp til innhold

Her har trakkemaskina stått i 6 dagar - håpar på "forløysing" i dag

På rekordfart kan dugnadsgjengen i dag frigjere løypemaskina som i nær ei veke har stått under 2,5 meter snø inst i Angedalen i Førde.

Løypemaskin køyrde seg fast i Angedalen.

SJÅ BILETA: Ein dugnadsgjeng har over fleire dagar jobba iherdig med å få løypemaskina opp frå snøen. – Vi håpar i alle fall at vi får køyrt løype inn til Botnavatnet til påske. Og at vi får moglegheit til å halde lysløypa oppe så folk kan gå litt på kveldstid, seier Kjell Arne Hjellbrekke.

Foto: Kjell Arne Hjellbrekke

Etter kvart som løypemaskina grov seg stadig lenger ned i snøen, innsåg Kjell Arne Hjellbrekke at det kunne ta tid – lang tid – å få den laus att.

Men allereie i dag kan han kanskje halde fram løypekøyringa i Angedalen.

– Vi håpar det så vi slepp å måke meir snø. Det er meldt meir til helga, så klarer vi det ikkje no så blir det vel 17. mai, humrar Hjellbrekke.

Bomma på vegen

Kjell Arne Hjellbrekke

UHELL: Kjell Arne Hjellbrekke tykkjer det heile er litt komisk, men vedgår at han har fundert mykje på korleis ein kan få berga løypemaskina før nasjonaldagen.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Det var førre fredag kveld at løypekøyringa frå Botnen til Botnavatnet vart uvanleg strabasiøs.

Dei siste 300 meterane av lysløypa går ikkje på skogsveg, så her er traseen planert med skjæret.

– Der vegen sluttar og går inn på det planerte, var det slik blindeføre at eg bomma på vegen. Utan tele sokk maskina ned på eine sida. Vi fekk grave den fram og planert den. Så sakk ned att og vi måtte grave meir. Til slutt stod vi i grova, humrar Hjellbrekke.

«Her står du godt»

Ikkje nok med at maskina stod heilt i myra. Beltet var kome i klem og hoppa av.

– Eg plar vere optimist, men ein pensjonert Firda Billag-sjåfør som har vore ute ein vinterdag før. Han kommenterte at «her står du godt». Eg tenkte at den i verste fall lyt stå til 17. mai, legg han til.

Løypemaskin køyrde seg fast i Angedalen.

GODT FAST: Kjell Arne Hjellbrekke var på veg mot Botnavatnet med løypemaskina då han bomma på vegen og køyrde seg fast.

Foto: Kjell Arne Hjellbrekke

Det var Firda som først omtala hendinga. Overfor VG vedgår Hjellbrekke at han har ligge vaken om nettene og fundert på korleis han skal få opp løypemaskina.

Ein dags arbeid

Sjølv om det såg håplaust ut, tok Hjellbrekke opp kampen mot snømassane i helga. Onsdag var fem mann inne og fekk vekk endå meir snø rundt maskina.

No ser Hjellbrekke håp i hengande snøre. For det store snøfallet er venta i februar/mars.

– Vi har jekka opp maskina, og nesten fått på plass att beltet. Vi manglar litt utstyr for å få jekka beltet på plass. Det manglar berre ein dags arbeid, seier han og prisar seg lukkeleg over den gode hjelpa og dugnadsånda i Angedalen.

Botnavatnet