NRK Meny

Handelsstand nyt godt av fotballen

Laurdagskampane til Sogndal har positive verknader for Handelsstanden i Sogndal, seier senterleiar Wilhelm Tangerud på Sogningen storsenter. Kampane dreg mange folk til bygda, og Tangerud anslår at handelsstanden, inkludert hotellnæring og anna, kan tene opp til ein million kroner ekstra omsetnader på ein dag.