Hopp til innhold

Handelshus evakuert etter branntilløp

Naudetatane har rykt ut til eit branntilløp i handelssenteret Amfi i Florø.

Brannutrykking til Amfi i Florø

UTRYKKING: Amfi senter i Florø vart laurdag ettermiddag evakuert på grunn av eit branntillaup.

Foto: Terje Pettersen

Brannen vart meldt klokka 1633. Sprinkelanlegget vart utløyst og kring 20 minuttar seinare melder alarmsentralen at situasjonen er under kontroll.

– Det er observert flammar i andre etasje. Senteret skal vere evakuert, får NRK.no opplyst.

Stengjer ein etasje

Politiet var nett komne til staden då NRK snakka med operasjonsleiar Kjetil Drange i 1730-tida.

Ifølgje Firdaposten måtte ein person som var innestengd på apoteket hentast ut.

– Brannen er sløkt og ingen personar er skadde, seier han.

Brannvesenet avslutta på staden i 18-tida etter å ha søkt igjennom bygget med varmesøkande kamera. Andre etasje blir avstengd til søndag.

Ventar med etterforsking

– På grunn av gassar kan vi ikkje starte etterforskingsarbeidet før i morgon, seier han og førebels ikkje vil seie kvar brannen starta eller kva som byrja å brenne.

– Men det er ingen mistanke om at brannen er påsett, legg han til. Det er førebels uvisst kor stor skade brannen har gjort.

– Brannen er ein ting, men så vart også sprinkelanlegget utløyst, seier Drange.