NRK Meny
Normal

Handballkometen får likevel ikkje Frankrike-tur

– Det er ekstremt surt, seier Kjerstin Boge Solås. For få dagar sidan måtte ho melde avbod til neste helgs Golden League-turnering med landslaget.

Kjerstin Boge Solås

BLIR HEIME: Kjerstin Boge Solås slo igjennom med det norske landslaget før jul. No må ho bli heime når Norge deltek i Golden League neste helg. – Det hadde blitt for mykje for kneet. Det hadde i alle fall ikkje gjort det betre, seier ein skuffa 19-åring.

Foto: BJORN S. DELEBEKK, Delebekk, Bjørn S. / VG

Turneringa skulle vere Kjerstin Boge Solås si første med dei norske handballdamene sidan EM-sigeren i desember.

Slik blir det ikkje for Fjaler-jenta som vart den yngste meisterskapsspelaren nokosinne. Boge Solås har saman med Amanda Kurtovic og Malin Aune måtte melde avbod.

– Eg har fått ein belastningsskade som gjer at det hadde blitt for mykje med to treningsøkter dagleg på landslagssamlinga, seier ho.

For mykje handball

EM håndball kvinner i Sverige. Scandinavium Gøteborg.

MEISTER: Kjerstin Boge Solås vart i desember den yngste spelaren som har vunne EM med Norge sine handballdamer.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Norge møter Russland, Frankrike og Danmark under turneringa i Frankrike, men desse kampane må Tertnes-spelaren følgje gjennom TV-skjermen.

Slikt er dårleg nytt for ein spelar som fekk sitt definitive gjennombrot i meisterskapen før jul.

– Eg har slite med skaden over fleire år, men meinte eg hadde god kontroll på den. I det siste har det nok blitt vel mykje handball, og det har ikkje kneet tolt heilt, seier 19-åringen.

Får ingen følgjer

No skal Fjaler-jenta gjennom testar for å finne ut meir om skaden, og korleis ho kan bli bra att. Går alt etter planen er ho med når Tertnes møter Storhamar 22. mars.

– Eg skal ta det med ro og legge ein plan for korleis vi tek dette vidare, men det er vel tvilsamt at det får følgjer for serieinnspurten med Tertnes, seier ho og helst skulle sett at ho fekk halde fram på landslaget no som ho først har etablert seg i stallen.

– Men det er inga krise. Eg er framleis ung og har ekstremt god tid for å komme inn att, avsluttar ho.