Hopp til innhold

Handballekspertar vil bytte talent mot rutine før EM-semien

TV3s handballekspert, Geir Oustorp, vil sende Kjerstin Boge Solås (18) heim frå handball-EM i Sverige. – Uaktuelt, svarar landslagssjefen.

Geir Oustorp

KLAR TALE: Handballekspert Geir Oustorp meiner landslagstrenar Thorir Hergeirsson bør erstatte talent med erfaring når Norge møter Frankrike i Göteborg på fredag.

Foto: Vegard M. Aas / NRK

Den tidlegare toppspelaren meiner landslagssjef Thorir Hergeirsson må stokke om på korta før Norge møter semifinalemøtet med sølvvinnaren frå OL, Frankrike.

Geir Oustorp, som også er trenar i Glassverket, vil ha med Linn-Kristin Riegelhuth Koren.

– Kristine Breistøl bør også inn då vi treng nokre enkle mål frå distanse mot eit kompakt fransk forsvar. Ut bør nok Malin Aune og Kjerstin Boge Solås gå, seier han til NTB.

– Rutine i alle ledd

Hergeirsson har tidlegare hatt suksess med liknande endringar under meisterskapar. Både Linn Jørum Sulland (EM 2010) og Ida Alstad (VM 2015) vart sentrale som «superreservar».

Riegelhuth Koren vart vraka frå EM-troppen etter eit ordinært OL i sommar. I haust har ho vore svært god for Larvik. Oustorp meiner 32-åringen vil gje Norge høgare fart på høgresida i kontringar.

– Då har vi også moglegheit til å bruke Amanda Kurtovic som back i angrep. Vi treng rutine i alle ledd i ein semifinale mot Frankrike, seier Oustorp til NTB.

Første mål

Boge Solås frå Dale er ei av fleire unge jenter som har fått prøve seg under meisterskapen i Sverige. I storsigeren mot Tsjekkia i går, scora ho også sitt første mål for landslaget.

Også NRK sin handballekspert, Øystein Havang, meiner handballtalentet frå Fjaler bør vike for meir rutine. Han meiner det er det einaste bytte Hergeirsson bør gjere før fredagens semifinale mot Frankrike.

– Breistøl kan vere ein joker med Solås ut. Fleire byte i troppen vil kunne skape unødvendig støy, seier han til NTB.

– Uaktuelt

Landslagssjef Thorir Hergeirsson er ikkje med på tankegangen til dei to handballekspertane.

– Kven skal vi bytte ut då? Det er ikkje aktuelt. Alle er friske og raske. Vi har den troppen vi vil ha. Dei gjer ein god jobb, og det blir ingen bytte dersom ingen blir skadde eller sjuke, seier han til NRK.

– Har det vore planen heile vegen, eller blir det slik fordi det går bra?

– Det er begge delar. Vi har bytta på laget tidlegare fordi laget har trengt det. No føler vi at vi har dei spelarane vi treng.