Hopp til innhold

Handballdraum går i oppfylling for 12-åring

Av 1500 som ville bli handballjentene sine nye maskotar vart 12 år gamle Emma Fløtre frå Breim ei av dei heldige.

Minihandballjentene har eit spanande år i vente.

MINIHANDBALLJENTER: Søknadsbunken var stor då heile landet sine handballjenter søkte etter nye maskotar. Desse 16 skreiv best om kor glade dei er i å spele handball, og vart nye maskotar for landslaget.

Foto: Gitte Fløtre

– Det er veldig kjekt, eg hadde ikkje trudd eg skulle bli plukka ut. Eg gler meg til å møte alle på landslaget, trene med dei og sjå på landslagskamp, seier Emma Fløtre spent.

Då EM-troppen for handballjentene vart presentert denne veka lurte det også seksten jenter mellom ni og tolv år i kulissane. Som eit eige lag vart «Minihandballjentene» presenterte i landslagsdraktene til sine store idol. At det var desse som stod på scena var det gode grunnar til.

Emma Fløtre er handballmaskot.

DRAUM: – Det er ein draum som har gått i oppfylling, seier Emma Fløtre etter å ha blitt plukka ut som maskot for Noreg sine handballjenter.

Foto: Gitte Fløtre

– Vi måtte skrive ein søknad, og skrive kvifor det er så kjekt å spele handball, fortel Fløtre.

– Kva er det som er så kjekt då?

– Fellesskapen og gleda ved å spele handball, seier ho utan å tenkje seg om.

Det er landslagsjentene sjølve som har vore med på utforminga av prosjektet, som er sett i verk for å auke merksemda på barneidrett og motivere fleire unge jenter til å halde fram med handball. Jentene kjem frå heile landet og skal i løpet av året få vere med på landslagsuttak, landslagssamling og ein landskamp.

Får lokalt stjerneskot som mentor

Emma Fløtre har spelt handball sidan 2. klasse saman med venninnene på Breimsbygda. Laget har truleg allereie byrja å glede seg til ei trening dei skal ha neste år. Då kjem Kjerstin Boge Solås, som er hennar mentor, på besøk for trene dei.

Kjerstin Boge Solås

MENTOR: – Det er kjekt å vere til inspirasjon, og vise at ein ikkje treng kome frå ein stor plass for å gjere det bra, seier Kjerstin Boge Solås.

Foto: Frank Cilius / NTB scanpix

– Det er nok litt stas å få besøk. Og det gjer ofte at dei som kanskje ikkje er så interesserte blir meir gira, seier Boge Solås.

Mange vart overraska då 18-åringen sitt namn var med i EM-troppen som vart presentert, men Tertnes-spelaren er allereie spådd ei lysande framtid. Dei neste vekene skal ho gjere seg klar for innsats i Sverige i desember, men ho veit allereie no kva Breimstausene skal drillast på.

– Ballteknikk og ballfølelse er veldig viktig når ein er så unge. Og så må ein passe på at alle er bort i ballen så ofte som mogleg. Dei unge blir ofte litt ekstra gira av slike treningar, og då er det veldig kjekt for meg også, seier Solås.

I Breim er det også minst ei jente som ser fram til å møte ein av sine heltar.

– Eg gler meg veldig til å møte ho. Og vi treng å trene på mykje, sjølv om vi gjer det veldig bra.