Jotun rykkjer opp til 1. divisjon frå hausten av. I ei kvalifiseringsturnering i Totenhallen i helga vart laget nummer tre av fem 2. divisjonsvinnarar. Saman med Toten og Ramnes går dei dermed til 1. divisjon, og får spele mot tidlegare storlag som Bækkelaget og Fjellhammer.
Jotun vann to av kvalifiseringskampane og tapte to på Lena i helga.
Trenar Stig Jøsendal og hjelpetrenar Torstein Kvam (t.h.) følgde spente med frå sidelina. (Foto: K.A. Stølen, NRK)
Treng forsterkingar
Tapa i dei to siste kampane mot Toten og Ramnes var ein liten påminnar til årdølene om at forsterkingar er naudsynt for å hevde seg på eit høgare nivå.
- Men no vil me berre gle oss og feira opprykket, seier trenar Stig Jøsendal.
Jotun sine resultat:
Jotun-Tromsø 39-11
Jotun-Stjørdal 30-26
Jotun-Toten 18-32
Jotun-Ramnes 23-28