Hopp til innhold

Ville eigentleg ikkje bli skiskyttar - men foreldra fekk overtalt OL-håpet i siste liten

SJUSJØEN (NRK.no): Han er ein sterk kandidat til OL i Sotsji - men det var berre med naud og neppe at Johannes Thingnes Bø vart skiskyttar. Han skulle nemleg bli fotballspelar....

Johannes Thingnes Bø og Ole Einar Bjørndalen med blender og smoothie

KOKKEKAMP: Johannes Thingnes Bø og Ole Einar Bjørndalen kjempa på same lag om å lage den beste smoothien i møte med norsk presse på Sjusjøen. Begge har også planar om å delta i OL i Sotsji.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg skulle eigentleg bli fotallspelar. Og om ikkje Tarjei hadde herja slik som junior, så haddde eg nok spelt fotball no, seier Johannes Thingnes Bø.

Han siktar til ein eldre bror, Tarjei Bø, som i junioralder utpeika seg både i norsk og internasjonal skiskyting - og som nok påverka både Johannes sjølv og foreldra.

20-åringen spolar tida tilbake til den gongen han skulle byrje på idrettslinja på vidaregåande:

– Eg skulle eigentleg byrje på vgs fotall. Men dagen før skulen starta, overtalte foreldra mine meg til å prøve ein månad med skiskyting først. Etter ein månad tok eg to gull i sommar-NM, og då var det gjort, ler Thingnes Bø.

Er glad han valde skiskyting

Det er ein avslappa og målretta skiskyttar som møter NRK.no like før sesongen brakar laus på Sjusjøen. Han er allereie inne i sin andre sesong på seniorlandslaget, og på premiehylla har han sikra seg bøttevis av gull frå junior-NM, ungdoms-OL og junior-VM.

– Var du eit like stort talent i fotball?

– Eg var god frå då eg var fem år. Men eg var seint utvikla, og då eg kom opp i 14-15-årsalderen vart dei andre mykje større enn meg. Då eg var på krinslaget og spelte regionkampar, merka eg det godt. Hadde eg vore like stor og sterk då, så trur eg at eg hadde vore ein veldig god fotballspelar, seier stryningen.

– No er eg glad eg valde som eg gjorde. No er eg jo på landslaget og heilt oppi der. Eg er glad for idretten, og synest det er morosamt å halde på.

(Artikkelen held fram under videoen)

Johannes Thingnes Bø

OPPTUR: Johannes Thingnes Bø viste god form og vann eit testrenn på Beitostølen denne veka.

Kan vinne verdscup allereie i år

På spørsmål frå NRK stadfestar idrettssjef Per Arne Botnan i skiskyttarfobundet at han har høyrt rykte om den unge stryningen sitt talent i fotball. Han er glad Thingnes Bø valde «rett idrett».

– Kor god kan han bli?

– Johannes har kapasitet både skytemessig og fysisk til å bli så god som han vil, seier Botnan og legg til:

– Han må bli meir stabil på skyting. Men på ein maksimal dag og med full klaff, kan han vinne løp i verdscupen. Han bør ikkje ha det som mål enno, men det kan skje.

Mista hundrevis av treningstimar

Sist sesong avslutta Thingnes Bø med å ta to sølvmedaljar i senior-NM. Men oppkøyringa til ein ny sesong kunne ikkje ha starta verre.

På første sykkeltur i mai skjedde det: Nordfjordingen hamna i asfalten og fekk eit brot i kragebeinet. Fleire hundre treningstimar gjekk fløyten.

– Det gjekk seks veker før eg gjekk min første rulleskitur. Så fekk eg tilbakeslag, då eg var litt for ivrig. Det enda med at eg ikkje fekk byrja på trene skikeleg før august. Så eg har mist fleire hundre treningstimar, og mykje av grunnlaget - men så lenge ein har kvalitet på det ein gjer, trur eg det er godt nok, seier Thingnes Bø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johannes Thingnes Bø trening under NM i skiskyting

KAN VINNE: Idrettssjef Per Arne Botnan meiner Johannes Thingnes Bø kan vinne verdscuprenn, men at han då må ha fullklaff på standplass. Biletet er frå senior-NM i vår.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har spissa formen til helga

Med helgas sesongopning er også den viktige OL-sesongen i gang for fullt. For Thingnes Bø er det eit mål å komme med i troppen. Men nålauga er trongt, og allereie no handlar det om å posisjonere seg med tanke på ein OL-billett.

– Denne helga er ekstremt viktig. Eg må omtrent vere på pallen og vise at eg fortener å gå verdscup, seier han og forklarer vidare:

– Dei viktigaste renna kjem seinare i vinter. Men for å få gå dei, må eg gå godt i helga. Eg har gjort alt eg kan for å vere i bra form her - og i den formen eg er i no, kan eg vinne løp om eg skyt fullt, seier Thingnes Bø.