Han vil kutte elbilfordelar for å få utsleppsfrie ferjer

Elbileigarane sitt avgiftsfritak må i staden brukast på å gjere ferjene og hurtigbåtane langs norskekysten utsleppsfrie, meiner Terje Søviknes (Frp).

Terje Søviknes

VIL TA FRÅ ELBILEIGARAR: Midlar som blir brukt til å subsidiere elbileigarar må brukast slik at ein får bytta ut forureinande ferjer og hurtigbåtar med miljøvennlege båtar, meiner Terje Søviknes, Frp sin fylkesordførarkandidat i nye Vestland fylke.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Vi brukar fleire milliardar kroner kvart år på å subsidiere elbilar i Noreg. Noko av dette må vi vri over på utsleppsfrie ferjer og hurtigbåtar, seier Søviknes.

Den tidlegare olje- og energiministeren er no ordførar i Os og Framstegspartiet sin fylkesordførarkandidat i nye Vestland fylke.

Ifølgje faktanettstaden Faktisk.no gjekk staten i 2017 glipp av om lag 5,8 milliardar kroner årleg i skattar og avgifter fordi dei subsidierer elbileigarane.

Søviknes meiner forslaget hans vil gje fleire fordelar.

– I tillegg til kraftig reduksjon i klimagassutsleppa, vil vi få stimulert den norske maritime næringa til å utvikle ny teknologi. Bygging av ei rekkje nye elektriske ferjer vil styrkje sysselsetjinga langs kysten, seier han.

Det er om lag 200 ferjer i Noreg som samla slepp ut 600.000 tonn CO₂ i året. Blir alle ferjer utsleppsfrie, vil det bety reduserte utslepp tilsvarande 300.000 personbilar. Hurtigbåtane slepp også ut store mengder CO₂.

Slaktar forslaget

Generalsekretær i Elbilforeininga, Christina Bu, slaktar forslaget frå Søviknes.

– Å setje miljøtiltak opp mot kvarandre, slik Søviknes gjer her, er ikkje god miljøpolitikk. Heile transportsektoren må elektrifiserast, men dette må ikkje skje gjennom at det blir meir forureining frå biltrafikken, seier ho.

Bu viser til at 60 prosent av dei som har kjøpt ny bil i Noreg no i mars har kjøpt elbil. Totalt er det godt over 200.000 elbilar i Noreg.

– Det gjer dei fordi det er avgiftsfritak og elbilane er konkurransedyktige på pris. Forslaget frå Søviknes er håplaust, seier ho.

Bu meiner det er utruleg at Frp no vil auke avgiftene for bilistane.

Christina Bu

KRITISK: Det er håplaust å setje ulike miljøtiltak opp mot kvarandre, slik Terje Søviknes (Frp) gjer, meiner Christina Bu som er generalsekretær i Norsk Elbilforening.

Foto: Norsk elbilforening

Miljøpartiet kritisk

Heller ikkje Miljøpartiet Dei Grøne likar Søviknes sitt forslag.

– Søviknes sitt utspel er tøvete fordi han vil ta midlane frå den vellukka klimasatsinga på elbilar som vi har i dag, seier Arild Hermstad, som er partiet sin nasjonale talsperson.

Han meiner elbileigarane må få behalde fordelane sine til ein ser at alle fossile bilar er fasa ut.

Hermstad er glad for at Søviknes vil elektrifisere ferjer og hurtigbåtar, men vil finansiere dette på ein annan måte.

– Berre i 2017 tapte staten åtte milliardar kroner på at regjeringa reduserte avgiftene på bensin- og dieselbilar, seier han.

Hermstad meiner avgiftene på bensin- og dieselbilar må aukast som eit ledd i å finansiere elektrifisering av skipstrafikken.

Arild Hermstad, talsmann i Miljøpartiet De Grønne

OPPGITT: Arild Hermstad, nasjonal talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne, er oppgitt over at Terje Søviknes vil ta frå elbileigarar fordelar for å finansiere elektrifisering av ferjer og hurtigbåtar.

Foto: Ole Christian Klamas

Lagt til: Ifølgje Finansdepartementet vil reduserte avgifter for elbileigarane gjere at staten går glipp av 11,2 milliardar kroner i år.