Hopp til innhold

Han vil ha viktige oppgåver i Florø

FLORØ (NRK): Den nye politimeisteren lovar å tenke kreativt slik at Florø kan få ein del av oppgåvene i Vest politidistrikt.

I fem dagar har Sogn og Fjordane og det meste av Hordaland vore eitt politidistrikt, - under den nye politimeisteren Kaare Songstad. Og i dag var han på besøk i Florø. Og han vil fleire politifolk ute i distrikta.

VIL BEHALDE OPPGÅVER: Den nye politimesteren i Vest politidistrikt vil legge viktige oppgåver til Sogn og Fjordane.

I dag møtte politimeister Kaare Songstad dei tilsette i politiet i Florø, og han gjekk langt i å love dei ein rimeleg bit av kaka i det nye politidistriktet. Frå 1. januar er Sogn og Fjordane politidistrikt historie. Det er slått saman med Hordaland, og Songstad skal leie det heile frå Bergen.

Men Songstad gjorde det klart at det ikkje betyr at alt skal samlast i Bergen, og operasjonssentralen i Florø kjem til å vere i drift i to år til.

Trond Aglen, Ronny Iden og Kaare Songstad

VIL GJERE SEG KJEND: Politimeister Kaare Songstad i det nye Vest politidistrikt. I bakgrunnen avtroppande politimeister Ronny Iden i Sogn og Fjordane (t.h.) og administrasjonssjef Trond Aglen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg har lagt hovudet på blokka og gitt klar melding om at det er avgjerande for reformen i Vest politidistrikt at vi får ei god balansering av korleis vi set opp distriktet geografisk framover.

Florø aktuell mottakar

Han gjorde det klart at Florø etter kvart kjem til å miste ein del funksjonar.

– Men Florø er ein veldig aktuell mottakar av delar av innhaldet i dei funksjonelle einingane som skal byggjast opp. Poenget er at ein kan jobbe i ei funksjonell driftseining i Vest politidistrikt frå ein annan stad enn Bergen.

Han la vekt på at dette også er synet til politidirektør Odd Reidar Humlegård.

– Dette må vi lukkast med. Det at oppgåver som påtale, etterforskingseining, PST og fellesoperativ eining blir leia frå hovudbølet betyr ikkje at ressursane skal vere der.

Kaare Songstad

– IKKJE ALT SKAL TIL BERGEN: Kaare Songstad er oppteken av å legge funksjonar til Florø.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vil fokusere mest på Sogn og Fjordane

Songstad vil bruke mykje tid på å gjere seg kjend i Sogn og Fjordane. Han skal møte alle driftseiningane i Sogn og Fjordane og Hordaland i løpet av året.

– Eg må fokusere mest på Sogn og Fjordane, for det er her eg har minst bakgrunn. Eg trur at eg utpå våren har eit ganske godt bilete av korleis det ser ut, og då har eg eit betre grunnlag for å treffe dei vala som må gjerast, både innan omorganisering på funksjonelt nivå og på geografisk nivå.

Kaare Songstad helsar på Sissel Kleiven

MØTTE DEI TILSETTE: Politifolka i Sogn og Fjordane fekk møte den nye sjefen sin. Her er det Sissel Kleiven som handhelsar på Songstad.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kaare Songstad rosar dei tilsette i Sogn og Fjordane politidistrikt for å ha fått til mykje med avgrensa ressursar.

– Men eg trur storleiken på politidistriktet ville ha blitt eit større og større problem for Sogn og Fjordane om det ikkje hadde blitt gjort eit grep. Smått er ikkje alltid godt. Eitt døme er operasjonssentralen. Med dei krav som kjem til utstyr og bemanning ville det ikkje ha gått i lengden.

– Gode fagmiljø i Hordaland

Avtroppande politimeister Ronny Iden tok tak i alt det negative som har vore sagt og skrive om Hordaland politidistrikt.

– Det er viktig å vere klar over at det er eit politidistrikt som på mange område har vist veg og teke gode prioriteringar, mellom anna når det gjeld menneskehandel. Her har vi eit fagmiljø som det blir godt å støtte seg til. Hadde vi fått ei slik sak i Sogn og Fjordane før samanslåinga ville vi ha streva hardt.