Hopp til innhold

Han vil ha fire nye år med ordførarklubba

Arve Helle (Ap) har i dag sagt seg villig til fire nye år som ordførar i Fjaler.

Arve Helle

JA TAKK: Arve Helle (Ap) tek gjerne fire nye år med ordførarklubba i Fjaler.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Når inneverande periode er over, har 42-åringen site med klubba i 12 år i Fjaler. No har Arve Helle sagt seg villig til å sitje i fire nye år.

– Eg føler eg framleis har ein del å gje og framleis har nokre ting som ikkje er utretta, så motivasjonen er stor og då såg eg ikkje noko grunn til å stogge no heller, seier han til NRK.no.

Vil sjå Lutelandet i mål

Helle varsla nominasjonsnemnda i Fjaler Ap tysdag, og publiserte kort tid etter følgjande melding på Facebook-profilen sin:

Arve Helle tek attval på Facebook
Foto: Skjermdump

– Her er stadig prosjekt gåande, mellom anna Lutelandet som vi har hatt gåande over lang tid, men som mangler det endelege gjennombrotet. Det er ei sak eg vil følgje til mål, seier Helle og held fram:

– Vi går også spennande tider i møte i høve til kommunestruktur og ein del interkommunale samarbeid og eit næringsliv i Fjaler som er i stadig utvikling. Det er nok å ta tak i.

Fann ikkje argument mot

Han er allereie den ordføraren i Fjaler som har site flest år samanhengande. Utan at det er noko som bryr han særskilt.

– Var det eit vanskeleg val?

– Nei for så vidt ikkje. Eg måtte gå ei lita runde med meg sjølv, men fann rimeleg raskt ut at motivasjonen var god og då såg eg ikkje noko grunn til ikkje å stille meg til disposisjon om dei framleis ynskje meg.

– Var der argument for å legge klubba på hylla?

– Nei, eg sleit litt med å finne dei.

Solid i 2011

Partiet hans gjorde eit godt kommuneval i 2011, og med 45,9 prosent av røystene var posisjonen som det største partiet aldri trua.

– Når perioden no er over, så har eg site i 12 år, og det kan vere lenge. Men så lenge motivasjonen er der, så er det ikkje noko grunn til å gje seg, seier han.

– Du fryktar ikkje at innbyggjarane er lei deg?

– Det blir jo spennande å sjå, og om dei er blitt det så skal eg no takle det også. Det er slik som høyrer med i gamet, men eg håpar å overbevise dei om at det ikkje er noko grunn til å vere lei meg.