Hopp til innhold

I denne kommunen vil mange gå i krigen for å halde på rulle r-en

Dei aller fleste innbyggjarane i Bremanger rullar på r-en. Men skarre r-en er på veg inn. Det er upopulært blant mange.

I Bremanger rullar dei aller fleste på r-en.

RULLE R: Er noko av det som kjenneteiknar dialekta til folk frå Bremanger.

Over heile landet snik det seg inn nye trekk i dialektene våre. Men slike endringar kan både provosere og irritere.

I Bremanger likar ikkje Geir Nesbakk at den vaksne sonen Tore Nesbakk har ein skarrande r.

– Det er vår store sorg, vedgår han.

Difor likar han ikkje sonen sin r

I femte episode av serien Dialektriket møter du far og son i Bremanger. Pappa Geir Nesbakk rullar stolt på r-en, medan sonen skarrar.

Rulle r-en er svært viktig for folk i bygda, og i tillegg til å vere ein viktig del av identiteten deira, har den også blitt reine attraksjonen. Difor er pappa Geir Nesbakk ikkje fan av sonen sin r.

– Eg er litt redd for at folk skal tru han er frå Florø, og det er ikkje noko kjekt når ein kjem frå Bremanger, seier Geir.

(Artikkelen held fram under)

Far og son Nesbakk seier r på to forskjellige måtar. Medan pappa Geir rullar på r-en, er sonen Tore av den skarrande typen.

FAR OG SON: Slik seier dei r.

– Dei nesten spyr ut r-en

Florø ligg rett sør for Bremanger, og der har dei skarra på r-en i over hundre år.

– Dei nesten spyr ut r-en, seier Geir med misnøye i stemma.

– Det er ikkje noko gale med Florø, men florøværingane har alltid sett litt ned på oss i Bremanger, seier han og held fram:

– Eg har ikkje lyst å bli teken for å vere frå Florø.

For folk kan fort bli fornærma om andre trur dei er frå ein annan plass. Difor er det ekstra viktig for mange å halde på dialekta som kjenneteiknar heimstaden.

Sist veke fekk du møte Frode Grodås som har fått pes fordi han knotar så fælt.

– Kvifor er vi så redde for forandring?

Men måten vi snakkar på forandrar seg heile tida, og nokre endringar berre snik seg inn utan at vi legg merke til det.

Allereie for tjue år sidan gjorde kommunestyret i Bremanger vedtak om å ta vare på den karakteristiske rulle r-en. Og folk i bygda meiner det er viktig at dei held fram med det i dag.

Dialektriket er ein norsk serie om nordmenn og dialektar, og vekas episode er frå Bremanger. Dagens tema er endringar i dialekter og programleiar Yasmin Syed spør kva folk er så redde for når dialekta deira blir endra.

Korleis hadde innbyggjarane i Bremanger reagert om skarre r-en tok over?

NEI TAKK: Mange i Bremanger ser ikkje for seg ein kommune der skarre r-en tek over.