Hopp til innhold

Han vil dele Sogn og Fjordane i to

Helge André Njåstad (Frp) vil dele fylket i to. Med det vil han sende Nordfjord til Møre og Romsdal, og Sunnfjord og Sogn til Hordaland.

Helge André Njåstad i Førde

VIL SPLITTE FYLKET I TO: Leiar for kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad, vil dele Sogn og Fjordane i to.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Ein må tenke nytt og ikkje sjå seg blind på at alle fylkeskommunar må gå inn i ein region i sin heilskap, seier Helge André Njåstad (Frp), leiar for kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget.

Njåstad ser klart for seg korleis Vestlandet skal sjå ut etter regionreform. Sunnfjord og Sogn til Hordaland og Nordfjord til Møre og Romsdal. Det var Bergens Tidende som først omtalte saka.

– Dersom nokre regionar i ein fylkeskommune ser mot ein annan veg enn resten av fylket, så vil vi opne opp for at ein ikkje skal stå i vegen for at delar av fylkeskommunen går kvar til sitt, meiner Njåstad.

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jenny Følling, er klinkande klar på at Sogn og Fjordane ikkje skal splittast opp.

– Eg syns det er eit utidig og respektlaust utspel med tanke på prosessen som vi på Vestlandet har starta. Er det ein ting vi i fylket står samla om, så er det at vi skal vere eit samla fylke. Enten gjennom eige fylke eller som ein del av ein region.

Ber Njåstad halde seg vekke

Følling rasar over forslaget til Njåstad og meiner han kjem med utspelet på heilt feil tidspunkt.

– Han bør ha respekt for den prosessen som vi har starta, lytte til dei råd som vi kjem med og ikkje blande seg inn i vår prosess, seier Følling.

For Njåstad var poenget med utspelet å skape nettopp ein debatt.

– Eg vil utfordre vestlendingane med kva dei vil. No må vi ta praten i alle fylkeskommunar for kva retning ein vil gå. Då er det viktig med eit utspel for å få i gang debatten, seier han.

Jenny Følling fylkesutvalet 7. desember 2015

HEILT UAKTUELT: For fylkesordførar Jenny Følling er ei splitting av fylket uaktuelt.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Peikar mot Nordfjord

Njåstad meiner at alle kommunar i grenseland bør ta stilling til kva slags retning dei vil gå, og peikar særleg mot Nordfjord.

– Når Sunnfjord slår seg saman og blir til ein sterk kommune, så må ikkje Nordfjord komme etter og sitte igjen med ein kommunestruktur som ikkje er like hensiktsmessig.

Njåstad seier at det kan vere lurt å dele Sogn og Fjordane i to, for å få to vestlandsregionar. Følling vil heller ha ein stor og sterk vestlandsregion, og trur Njåstad er redd for at Vestlandet skal bli for sterkt.

– Vi er godt i gong og lurer på om Njåstad er redd for at det kan bli ein sterk vestlandsregion. Splittar vi Sogn og Fjordane blir vi ein utkant i kvar vår region, seier ho.