Hopp til innhold

Han vil bli den nye sjefen for Helse Førde

Rådmannen i Høyanger er ein av søkjarane til toppleiarstillinga i Helse Førde.

Arve Varden

FRÅ KOMMUNE TIL HELSE: Arve Varden har vore rådmann i Høyanger kommune i sju år.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Arve Varden har vore rådmann i Høyanger sidan 2010, men Varden er ikkje heilt ukjend i helseføretaket. Han var klinikkdirektør for Medisinsk klinikk i Helse Førde før han tok til som rådmann.

Varden er ein av sju søkjarar som har meldt seg til stillinga som administrerande direktør i Helse Førde.

Desse har søkt:

Thorbjørn Gaarder, Chief credit officer, Oslo.

Tom Guldhav, Avdelingssjef, Førde

Kjell Ove Høydal, Operativ leiar, Florø

Åse-Iren Korneliussen, Helse- og omsorgssjef, Solund

Mads Rekve, Avdelingssjef, Lærdal

Arve Varden, Rådmann, Høyanger

Ivar Edmund Vatten, Arbeidssøkande, Halsanaustan

– Det er spennande tid i Helse Førde med dei utfordringane som ventar. Det blir nok ein krevjande jobb og eg har gått nokre rundar med meg sjølv, men samtidig har eg tatt utfordringar før, seier Mads Rekve.

Fristen for å søkje gjekk ut 20. september, men tilsetjingsutvalet forlenga søknadsfristen til 20. oktober. Grunngjevinga då var at dei ynskja eit best mogleg tilfang av søkjarar til stillinga.

Agnes Landstad

NØGD: Styreleiar i Helse Førde, Agnes Landstad, er godt nøgd med dei sju namna som står på søkarlista.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Vi valde å utvida fristen. Vi hadde også gode søkarar då og, men vi valde å utvida den, seier styreleiar i Helse Førde, Agnes Landstad, som er godt nøgd med søkarlista.

– Her håpar eg vi skal finne den som vi skal gå vidare med og som skal leie oss inn i dei åra som kjem framover. Vi har laga oss ei skildring av den leiaren vi ser etter, og så er det slik at det er vanskeleg å finne ein enkeltperson som oppfyller alle desse krava. Men vi ser etter ein som kan vera med å utvikla oss framover, legg ho til.

Langvarig konflikt

Den tidlegare toppleiaren Jon Bolstad gjekk av som administrerande direktør i mai etter 13 år i stillinga. Han blei tilsett som ny administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest.

Helseføretaket var prega av ein langvarig konflikt som starta på seinsommaren i fjor. Det byrja med ei varslarsak mot viseadministrerande direktør Vidar Vie, og heldt fram med full mistillit mot heile den sitjande føretaksleiinga frå eit nesten samla tillitsmannsapparat. Dette resulterte i ekstern gransking, som kom med mild kritikk av leinga i Helse Førde. Nestsjef i Helse Førde, Vidar Vie, trakk seg i mars 2017.

Børge Tvedt har fungert som administrerande direktør i Helse Førde sidan Bolstad gjekk av.

Jon Bolstad og Agnes Landstad

KREVJANDE TIDER: Tidlegare administrerande direktør Jon Bolstad (t.v.) og styreleiar Agnes Landstad (t.h.) i Helse Førde.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Millionkutt

Det blir ein tøff jobb den nye toppsjefen går til. Styreleiar Agnes Landstad varsla innsparingar på opp mot 43 millionar kroner i 2018. Styret har blant anna opna opp for å sjå på sjukehusstrukturen for å spare pengar. Legeforeininga fryktar for at nye kutt skal gå utover pasientane og rekrutteringa av fagfolk.