Hopp til innhold

Han veit korleis dei nye bortedraktene til Barcelona ser ut

GAUPNE (NRK): Verda rundt lurer fotballsupporterar på korleis dei nye bortedraktene til Barcelona kjem til å sjå ut. Ved Avery Dennison NTP i Gaupne veit dei det – men det er strengt hemmeleg.

Adis Cengic ved Avery Dennison NTP

HYSJ: Fabrikksjef Adis Cengic ved Avery Dennison NTP i Gaupne let seg ikkje lure til å seie eit pip om korleis dei nye bortedraktene til Barcelona vert sjåande ut.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Nei, hit kjem du ikkje inn, seier fabrikksjef Adis Cengic, og stiller seg bestemt opp framfor døra inn til produksjonslokalet.

Når du ser verdsstjerner i fotballsirkuset som Messi og Neymar, så er namnet deira og nummeret på ryggen, samt andre logoar, trykte og laga ved fabrikken i Gaupne. Til liks med alle namn, nummer og logoar til alle klubbane i Tippeligaen, Obos-ligaen og det tredje nivået.

Men slikt er strengt hemmeleg, og ikkje så mykje som eit pip om korleis nye drakter og logoar ser ut, kan sleppe ut frå fabrikken i Gaupne.

– Nei, vi produserer og lagar det, og så er det klubbane, som til dømes Barcelona, som står for avdukinga av dei nye draktene, seier Cengic.

Påverkar form og farge

Det betyr også at dei som jobbar med desse logoane til dagen, ikkje kan seie eitt einaste ord korkje heime eller på fritida om kva dei ser på jobb.

– Vi har lang røynsle med dette og våre tilsette er vane til det. Dei veit kor viktig det er å beskytte merkevara, så det er ikkje eit problem, seier Cengic.

Avery Dennison har også sitt å seie for å påverke korleis sjølve draktene vert sjåande ut.

– Vi lanserer forslag både på fargekombinasjonar og mønster, og så kjem klubbane fram til kva dei ønskjer. Men vi er med å påverke, heilt klart, seier Cengic.

Og dess betre fotballaga gjer det, dess større er etterspurnaden etter drakter, for for fotballfansen er det å ha ei ekte drakt noko som heng høgt.

– Det er klart det er nokon nummer og namn det er større etterspurnad etter enn andre, seier Cengic.

Hadde rekordår i fjor

Denne årstida er absolutt høgsesong for Avery Dennison NTP, og når idretten veks, så dryp det også på bedrifta i Gaupne.

– Det er éin av grunnane til at vi leverer gode resultat for tida, seier Cengic.

Fjoråret vart eit rekordår med ei omsetnad på nær 140 millionar, og eit resultat på 18 millionar kroner. No i høgsesongen er dei nærare 150 tilsette.

– Det er naturstridig at ei bedrift som ligg inst i Sogn, på ein liten plass som Gaupne, leverer til store aktørar ute i verda. Men det er også det som er fascinerande, seier Cengic.

Han peikar på suksessen ikkje kjem av seg sjølv.

– Vi har gjort dette i snart 30 år. Og når du gjer noko over tid, trenar på det og utviklar deg, så blir du ein slags toppidrettsutøvar, seier Cengic.