Hopp til innhold

Lungefeil stoppa skiskyttartalentet – veit framleis ikkje årsaka

Isak var ein av landets beste og mest lovande unge skiskyttarar. Så sette lungene til 23-åringen frå Stårheim ein stoppar for toppidrettskarrieren.

Isak Flo Bødal går i mål

TALENT: Han var ein av landets beste skiskyttarar i 95-kullet, men no er han ikkje lenger å så på resultatlistene.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det blir ikkje same mengda med trening no lenger, men det er viktig å prøve å halde seg litt i form, seier Isak Flo Bødal, medan han løfter vekter på treningssenteret heime i Nordfjordeid.

I 2014 vart han endeleg Noregsmeister, etter å ha tatt andreplassen både i 2012 og 2013. To år seinare fekk han gå for det norske juniorlandslaget i VM.

– Målet var å bli best og kunne leve godt av det. Eg låg godt an til det, mimrar han.

Spådd å bli best

Bødal har blitt fostra opp i det sterke skiskyttarmiljøet i Stårheim og gått på talentfabrikken av ei idrettslinje i Stryn, i lag med blant andre Johannes Thingnes Bøe.

– Han var ein veldig dyktig skiskyttar. Han gjekk i fotspora mine på Stryn VGS. Då eg gjekk i tredjeklasse gjekk han i førsteklasse og herja med konkurrentane, seier verdscupleiar Johannes Thingnes Bø.

Mange har nok også allereie merka seg veslebror Lasse Flo Bødal på resultatlistene, med sine sterke prestasjonar.

– Men Lasse merkar også nokre av dei symptoma eg har, men han jobbar med å finne ut av det.

Isak Flo Bødal

TRENING: Isak trenar ikkje lenger like hardt som han likte å gjere. – Eg likte meg best då eg pusha kroppen til det ytste, seier han.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Vonde lunger

Sjølv merka Isak dei første symptoma då han var rundt 12 år gammal. Alt var ikkje som det skulle vere då han kom i mål etter enda skiløp.

– Det gjorde så vondt. Eg haldt nesten pusten, fordi det var så vondt å trekke inn ny luft.

Så vart det berre verre. Sidan har han brukt mykje tid på å finne ut kva det er, men enno veit ingen kva som plagar han i lungene. Nokon legar seier det er astma, andre er heilt sikker på at det ikkje er det.

Lungeproblema gjorde det strevsamt å vere toppidrettsutøvar. Når han i tillegg ikkje klarte å finne ut kva det var, var det ikkje enkelt å halde motivasjonen oppe.

– Det var verken artig å trene eller gå skiløp når det var så vondt. Det vart vanskeleg å jobbe mot dei måla eg hadde sat, seier han.

Isak Flo Bødal på ståande skyting

BEST: Han skulle bli best. Bødal vann NM i 2014, og fekk gå for Noreg under junior-VM i 2016.

Foto: Rune Fossum / NRK

Finst eit liv utanom idretten

Han saknar å pushe kroppen til det ytste og møte andre likesinna på skisamlingar, men hardtreninga har han fått god nytte av på andre arenaer også, til dømes på når han studerer til å bli byggingeniør.

– Eg har lært så mykje om korleis eg skal meistre ting. Eg veit at arbeid som regel ber med seg resultat, viss ein berre jobbar nok og riktig.

Og sjølv om dei no skulle finne i løysning på lungeproblemet, så ville han ikkje tatt fram skia att.

– Det løpet er køyrt, for no kunne eg ikkje blitt så god som eg ville. Det er sjølvsagt trist, men det gir meg også meir fridom.

– Det er kjekt å vere idrettsutøvar, men det er mykje anna som er interessant også, seier han.