Hopp til innhold

Han var sentral i Ødegaard-overgang

Jostein Flo har hatt hektiske dagar i forhandlingane rundt Martin Ødegaard sin rekord-overgang til Real Madrid. Spanjolane betaler Godset 35 millionar for stortalentet.

Jostein Flo

NØGD: - Det er heilt fantastisk at vi har fått fram ein 16-åring som er interessant for den aller største klubben, seier Jostein Flo.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Det er ein stor dag for oss i Strømsgodset - og for norsk fotball. Det å få fram ein 16-åring som får storklubbar ute i Europa til å bli interesserte, og at han går til den største av dei alle, er heilt fantastisk, seier Jostein Flo.

Natt til torsdag vart det klart at Martin Ødegaard blir Real Madrid-spelar. Det er den kanskje største overgangen i norsk fotball nokon gong. Ikkje minst med tanke på merksemd frå media.

Vart samde om overgangssum svært fort

Ifølgje Drammens Tidende betaler den spanske storklubben 35 millionar kroner for midtbanespelaren. I tillegg kan det dryppe endå 35-40 millionar kroner på Strømsgodset om ungguten får eit visst tal kampar for A-laget.

Drammensarane sine folk i forhandlingane har vore dagleg leiar Erik Espeseth og sportssjef Jostein Flo.

– Rollen min i slike saker er å bli samd med den klubben som er kjøpande. Jo større klubb, jo meir profesjonalitet og jo raskare går det om ein er på rett hylle i høve nivå. Denne gongen var vi samde om storleiken med éin gong, seier stryningen.

HER KAN DU SJÅ DIREKTESENDING OM OVERGANGEN:

Real Madrid lar pressen møte Martin Ødegaard kl 1330

Ser fram til å lære meir av storklubben

Flo kom sjølv frå ei lang karriere som proff i utlandet til Strømsgodset i 1996. I seinare tid har han hatt ansvaret som sportssjef på Marienlyst.

Han ønskjer ikkje å kommentere spekulasjonane om storleik på overgangen, men understrekar at begge klubbane er godt nøgde.

– Real Madrid er ein klubb som har eit renommé å ta vare på. Det er ein stor klubb. Vi vart fort samde om den rette summen, seier han.

– Du har kanskje fått sikra deg eit sete på Santiago Bernabéu...?

- Tja. Kanskje ikkje eit sete, men eg har såpass med kontaktar der at eg får sett ein del kampar. Etter forhandlingane diskuterte vi fotball med leiinga i Real Madrid, noko som var veldig interessant.

– No har vi sikra oss moglegheiten til å lære av klubben framover, seier Flo.

Flo og Espeseth

HEKTISK: Her er Flo og Espeseth på vei fra møtet med Real Madrid i København.

Foto: Asger Ladefoged / NTB scanpix