Hopp til innhold

Han var høvding i regnskogen på 90-talet

Fylkespolitikar for Miljøpartiet Dei Grøne har ei meir variert livshistorie enn du kanskje kunne tenke deg. For 20 år sidan sat han og andre høvdingar rundt bålet i Amazonas.

Stein Malkenes

PRESS: Presset på reservat og heile kulturar har berre auka sidan den gongen vi var der, seier Stein Malkenes.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg hugsar ei historie veldig godt, minnast Malkenes.

– Ein av høvdingane viste meg våpenet han jakta panter med, eit handvåpen som var ei slags flat utgåve av eit balltre, ei fint laga trefjøl. Eg spurte om det verkeleg var mogleg. Det var det. Eg fekk med meg eit slikt våpen frå han som teikn på at to høvdingar hadde møttest i hytta hans. Ei sterk oppleving.

På 1990-talet var Malkenes leiar i Naturvernforbundet. Saman med sosialantropologen Lars Løvold, som framleis er leiar i Regnskogfondet, reiste han djupt inn i jungelen for å møte folk og kulturar frå stammane i Amazonas.

– Vi blei alltid svært varmt motteke. Opplevinga vart heilt ulike møte med grupper i andre delar av verda. På den eine sida er dei så til dei grader opne og tillitsfulle, og på den andre sida er det ein slags hemmelegheit over heile kulturen deira som vi så inderleg godt har noko å lære av, seier Malkenes.

Kritisk for regnskogen

Malkenes og Regnskogfondet reiste med fly og elvebåtar, og han gløymer aldri dei enorme jungelområda i alle retningar.

– Enormt, og det er berre vatn og regnskog. Det er altså eit område i Sør Amerika som er like stort som Europa vest for Ural-fjella i Russland.

Presset aukar, ikkje berre på ei og ei folkegruppe, men på sjølve reservata og heile kulturar.

Stein Malkenes

Årets TV-aksjon går til Regnskogfondet og arbeidet deira med å ta vare på ur- og regnskogar. Kvart einaste minutt forsvinn store mengder regnskog.

Allereie då Malkenes var høvding i jungelen, for 21 år sidan, var situasjonen kritisk mange stader.

– Vi møtte også grupper som heldt væpna vakt over sine territorium, mot inntrengarar som brann skog og hogg ned skog. Det har forsert i styrke sidan den gongen. Det er langt større areal som er avskoga, og i tillegg andre aktivitetar som gruveindustri og oljeleiting.

Dame med mørke krøller og blå kjole, mann i dress og dame med brunt hår og mønstret kjole

KLARE: Haddy Njie, Jarle Roheim Håkonsen og Jenny Skavlan gler seg til å lose deg gjennom åtte timar med direktesending frå TV-aksjonen.

Foto: Karina Kaupang Jørgensen / NRK

– Enorm innsatsvilje og dugnadsånd

– Bøssebærarane er dei aller viktigaste. Innsatsviljen og dugnaden er enorm. Her i fylket klarar vi full bøssedekning kvart år. Det er ingen sjølvfølge, og det skjer ikkje alltid overalt, seier fylkesaksjonsleiar for TV-aksjonen, Kristin Sandal.

2000 flittige bøssebærarar er klare for innsats for regnskogen. Den einaste staden aksjonen manglar folk er i Førde, og Sandal oppmodar førdianarar som vil hjelpe, til å besøke denne nettsida.

Innsamlinga har tjuvstarta mange stader, og nærare 700.000 har allereie kome frå næringslivet. Også mange barnehagar, skular og organisasjonar har samla inn pengar via sal, kafear og andre aktivitetar, men summen er ikkje klar.

– Det er veldig kjekt at folk har gjort ein innsats allereie. No håpar vi både folk og næringslivet vil gje endå meir, seier Sandal.

– Press på heile reservat og kulturar

Stammane og menneska Malkenes møtte for 21 år sidan har klart seg.

– Men det er veldig store endringar. Det er dramatisk reduserte levevilkår mange stader. Presset aukar, ikkje berre på ei og ei folkegruppe, men på sjølve reservata og heile kulturar, seier han.

Og kvifor var han høvding? Jo, Lars Løvold, som snakkar språka fekk presentert han som leiar i Naturvernforbundet.

– Då vart eg høvding på deira språk. Eg sat i høvdinghytta i dei forskjellige gruppene og utveksla livserfaringar. Eg fekk høyre korleis det var å leve slik dei gjorde, kva som var truslane, korleis det gjekk med dei og kva vi kunne gjere.