NRK Meny
Normal

Han utfordrar «utanriksminister» Solheim

LÆRDAL (NRK): Vel halvanna år etter storbrannen er mykje tilbake til det normale i Lærdal. Og ved kommunevalet 14. september er det venta nok eit jamnt oppgjer mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet om ordførarvervet.

Kåre Mentz Lysne

- BETRE «INNANRIKSMINISTER»: Kåre Mentz Lysne (Ap) håpar å kunne ta ordførarklubba frå Jan Geir Solheim (Sp).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Vallogo

For i kommunepolitikken i Lærdal er det ikkje snakk om ein raudgrøn allianse mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet, slik det er i rikspolitikken.

Tvertimot har dei to partia vore hovudkonkurrentar om ordførarmakta, og ved dei siste vala har det vore svært jamnt, seier Kåre Mentz Lysne, som er førstekandidaten til Arbeidarpartiet i år.

– Ved kommunevalet i 2011 hadde Senterpartiet 40 fleire stemmer enn Arbeidarpartiet. Ved stortingsvalet i 2013 hadde Arbeidarpartiet 12 fleire stemmer enn Senterpartiet, så eg ser føre meg eit svært jamnt val.

Og på det punktet er sittande ordførar Jan Geir Solheim (Sp) heilt samd.

– Eg trur det blir close race mellom dei to største partia, ja.

– Fortener rolegare år

Det har gått vel eitt og eit halvt år sidan storbrannen i Lærdal, dei fleste synlege spora etter brannen er vekk, med eit par unnatak er det kome nye hus på branntomtene. Men Lærdal har slite med etterverknadene, brannkatastrofen har teke mykje av ressursane og tært på økonomien.

Solheim var fersk som politikar då han tok plass i ordførarstolen, han fekk ein svært bratt læringskurve med brannen i januar 2014, og tida etter har vore krevjande. Men han er klar for fire nye år.

– Det er fordi eg kjenner eg har energi til å starte ein ny periode. Vi har hatt mykje å gjere dei siste fire åra. Eg trur vi får konsentrere oss meir om det vi skal dei komande fire åra. No fortener vi alle i Lærdal fire litt rolegare år.

Nye hus på branntomter i Lærdal

STORBRANNEN SNART HISTORIE: Her har nye hus blitt reist etter brannen i januar 2014.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– For komande generasjonar

Ordførarkandidaten til Arbeidarpartiet har to periodar bak seg som kommunepolitikar for nokre år sidan. Dei siste åra har Kåre Mentz Lysne brukt mykje av fritida si på barn og ungdom, mellom anna som fotballtrenar.

– Eg er tiande generasjon ljøsning, og voks opp i Lærdal. Etter å ha teke utdanning kom eg tilbake til Lærdal på 1990-talet. I fjor såg eg at eg hadde mykje meir tid til overs. Korleis samfunnet i Lærdal skal bli i framtida engasjerer meg.

– No har eg fått mitt første barnebarn, eg ser at det er viktig å engasjere seg for korleis det skal bli for komande generasjonar.

– Dyktig «utanriksminister, men...»

No utfordrar Lysne den populære senterpartiordføraren.

– Jan Geir Solheim har vore ein svært dyktig representant for Lærdal i den situasjonen vi har vore i. For å bruke eit uttrykk frå rikspolitikken så har han vore ein god utanriksminister. Men eg meiner at med min bakgrunn vil eg ha meir fokus på den interne drifta av kommunen og kanskje vere ein betre innanriksminister.

Men Jan Geir Solheim vil ikkje vere med på at han har vore ein dårleg «innanriksminister».

– Det får vere hans påstand. Eg føler veldig på at eg har fylgt med og fylgt opp det som skjer lokalt. Eg deltek på nesten alle tilstellingar i kommunen, og eg meiner eg er veldig tett på næringslivet.

– Lærdal har markert seg på nasjonalt nivå i mange saker. Det synest eg berre er eit pre, det skal ikkje brukast mot meg.

Jan Geir Solheim

HAR ENERGIEN: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) har ikkje teke skrekken av fire til dels dramatiske år i ordførarstolen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Økonomien under kontroll

Kåre Mentz Lysne meiner Lærdal no må legge storbrannen bak seg og sjå framover.

– Vi i Arbeidarpartiet ynskjer ei klar prioritering av ressursar til tenester for gamle og unge, og mindre på sentraladministrasjonen. Brannen var tragisk og markerte Lærdal. No må vi legge det bak oss og lære av historia og gjere Lærdal til ein betre stad å bu.


Det har vore mykje fokus på økonomien i Lærdal etter storbrannen. Jan Geir Solheim meiner kommuneøkonomien no er under kontroll.

– Der synest eg vi har kome veldig langt. Administrasjonen i kommunen har jobba godt sjølv om det har vore krise. Økonomien har snudd, og vi har teke til å få kontroll.

Nei til Årdal og Aurland

Lærdal Arbeidarparti fyller 100 år i år, og Kåre Mentz Lysne meiner det kan vere ei passande jubileumsgåve om partiet får ordførarklubba i haust.

– Det hadde vore ei fin markering. Vi skal elles markere jubileet den 22. august. Vi har ein sterk 100-årsjubilant.

Lærdal kommune - dørmatte

VELKOMEN TIL KVEN? Vil Kåre Mentz Lysne vere den som kan gå inn på rådhuset som ordførar etter valet?

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Den kanskje største valkampsaka er spørsmålet om kommunesamanslåing. For Lærdal er det tre val, samanslåing med Årdal og Aurland, ein storkommune i indre Sogn eller å halde fram åleine. Lysne vil ikkje flagge standpunkt før folket har sagt sitt.

– Vi i Lærdal Arbeidarparti er klare på at innbyggjarane skal vere med på å bestemme. Vi går inn for ei folkerøysting.

Jan Geir Solheim har derimot teke eit standpunkt.

– I utgangspunktet vil eg at Lærdal kommune skal bestå som eigen kommune. For meg er det heilt uaktuelt å slå oss saman med kommunar som gjer at vi blir under 10.000 innbyggjarar. Eit sørsidealternativ er rett og slett for lite.

– Fenomenal jobb

– Sit du i ordførarstolen også etter valet, Jan Geir Solheim?

– Det er difor eg stiller. Men eg kan ikkje spå, dette er det veljarane som avgjer.


Og dei veljarane vi trefte på Coop på Lærdalsøyri hadde iallfall tru på at Jan Geir Solheim vil vere ordførar i fire år til.

– Eg håpar det, eg tykkjer han gjorde ein fenomenal jobb under brannen, så eg tykkjer han kan få æra av å fortsette, seier ei eldre dame.

Ein kar vi snakka med ville helst ha hatt berre ei liste, slik at ein vel mellom personar og ikkje parti, men også han trur at Solheim blir attvald.

– Ja, han gjer ein bra jobb.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.