Normal

Han trur på låge kraftprisar i lang tid framover

Ei ordning med støtte til ny fornybar energi i Sverige og Norge har ført til langt meir grøn straum enn det er etterspørsel etter. Det er gode nyhende for straumforbrukarane.

Kraftlinje og Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi

LANGVARIG TREND: Kraftprisane vil halde seg låge i lang tid framover, trur Fredrik Behrens, administrerande direktør i Sunnfjord Energi.

Foto: Rune Fossum/Sondre Dalaker / NRK

Mykje nedbør i sommar har ført til rekordlåge straumprisar, ein trend som blir forsterka av massiv satsing på fornybar energi i Norden og Europa.

– I første omgang betyr det noko for kundane våre, ved at fyringsutgiftene deira blir lågare i år enn tidlegare. På toppen av dei vêrmessige svingingane, er det er eit overskot av kraftproduksjon som vil gå mange år fram i tid, seier Fredrik Behrens i Sunnfjord Energi.

Gode nyhende for straumforbrukarane

Den administrerande direktøren inspiserer den vanlegvis så vassrike Huldefossen, som ligg like ved landbruksskulen på Mo i Førde. Fossen har i årevis gjeve gode inntekter til energiselskapet, men no er straumprisane så låge at inntektene til kraftselskapa har vorte kraftig redusert. Men for kundane er dette gode nyhende.

Vesterdalsdammen

FULLE MAGASIN: Mykje nedbør i sommar gjer at mange av kraftmagasina er fulle. Her frå Vesterdalstjern, E-CO Energi sitt anlegg i Aurland.

Foto: Aerosport Norge -aero.no / Aerosport Norge

Kraftanalytikar i Sogn og Fjordane Energi, Ole Marius Gloppestad, ser for seg låge kraftprisar i lang tid framover.

– Hovudgrunnen er at vi har hatt ein veldig god ressurssituasjon i Norden i år, med mykje vatn i magasina. Spesielt i sommar med relativt låge temperaturar og godt med nedbør, så har det vore stort produksjonspress hos vasskraftprodusentane. Det har gitt ein lang periode med låge kraftprisar, seier han.

I tillegg spelar situasjonen i Tyskland inn, seier Gloppestad.

– Der har dei hatt ein slags fornybar revolusjon og har satsa veldig på å byggje ut solkraft og vindkraft. Slik at prisane på energi der har falle mykje dei seinare åra. Det er prisar vi kan importere kraft på gjennom kablane Danmark til Norge.

Låge kraftprisar gir miljøgevinst

Dei som bygde ut kraftverk etter 2004 er sikra såkalla elsertifikat, ei ordning som sikrar kraftprodusentane ein klart høgare pris enn i den vanlege marknaden. I dagens situasjon, med låge kraftprisar, er dette er ei veldig viktig ordning, meiner Behrens.

– Subsidiane har vi for å presse ut forureinande kraft. Dei fleste regjeringar, inklusive vår, har bestemt at det skal vere ei subsidieordning, slik at dette skiftet skjer ved låge kraftprisar. No skal svenskane ta ut si atomkraft. Ingen hadde trudd at det skulle skje så raskt og grunnen til det er dei låge kraftprisane. Dermed får vi ei miljøforbetring ut av desse låge kraftprisane, seier Behrens. seier han.

Han trur kraftprisen på sikt vil ta seg opp igjen. I bransjen er levetida for eit kraftverk rekna til 60 år. At prisane og innteninga er låg akkurat no er difor til å leve med, seier Behrens.

– I den samanhengen meiner vi framleis at kraftproduksjon er det riktige å satse på, seier han. – Akkurat no så lir vi. Men med ein horisont på 60 år, så kan eg ikkje seie anna enn at det som skjer no er bra, seier han.

Vegopning på Bergum i Førde kommune