Hopp til innhold

Han trur dei tek Sogndal også

– Ein ny drøymemotstandar, seier Førde-trenar Julian Madsen om at dei skal møte Sogndal i andre runde i fotballcupen.

Julian Madsen

GLER SEG: Førde-trenar Julian Madsen trur dei gler seg meir enn Sogndal til andrerundekampen 28. april.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Torsdag 28. april kjem Sogndal til Førde. Madsen ser på dette som ein ny sjanse til å tukte eit eliteserielag.

– Det gler vi oss sjølvsagt veldig til. Vi er opptekne av å vise at det ikkje var berre eit blaff at vi slo ut Brann.

Dei to laga har møtt kvarande ein gong før i år, i ein treningskamp i Sogndal. Den kampen enda 2-2. Sogndal hadde lett match i første cuprunden. På Fagernes vart Valdres nedsabla med 5-1 i ein kamp der Sogndal let seks av dei som starta seriekampen mot Haugesund kvile.

Førde sette ein støkk i både bergensarar og resten av fotball-Norge då dei slo ut Brann etter ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse onsdag.

– Trur dei engstar seg litt

Sogndal-trenar Eirik Bakke skriv i ein SMS at det er kjempemessig for både Sogndal og Førde at dei to laga møtest i andre runde.

Men Julian Madsen trur ikkje at Bakke og Sogndal-spelarane inst inne er like glade for oppsettet som han er.

– Eg trur Sogndal hadde håpa å få eit lag der rivaliseringa ikkje er like stor, eit lag som ikkje kjem med den boosten og den sjølvtilliten som vi fekk mot Brann. Eg trur nok dei engstar seg litt, medan vi ser positivt og lyst på det. Vi har absolutt ingenting å tape.

For Julian Madsen har dei to siste dagane handla mykje om å sette Førde-laget i seriemodus etter sigeren mot Brann onsdag. Søndag er det seriekamp mot Sola i Førde.

– Eg er meir redd for den kampen enn for cupkampen mot Sogndal. Desse cupkampane mot større lag er sjølvmotiverande, eg er meir bekymra for kampane mellom.

Førde gav gjestene frå Brann tøff motstand, her etter første ekstraomgang

SPRANG TIL KRAMPA TOK DEI: Mange av Førde-spelarane tok seg kraftig ut mot Brann. Søndag ventar seriekvardagen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Håpar på fotballfeber framover

På treninga fredag gav han spelarane tydeleg beskjed om at Brann-kampen er historie.

– No er det Sola som gjeld. Vi kjem ikkje til å ha særleg fokus på kampen mot Sogndal før torsdag om to veker.

I cupkampen mot Brann var det bortimot 3000 som såg på. På seriekampane i fjor var det jamt over 3-400 på tribunane. Madsen håpar at ein del av dei som møtte opp onsdag også vil sjå seriekampen mot Sola.

– Vi håpar at det blir litt fotballfeber i byen. Vi er opptekne av å stå fram bra på søndag, slik at folk får noko å juble for då og.

Og om to veker håpar han ikkje berre å slå Sogndal ut av cupen.

– Det hadde vore fint om vi også kunne slå talet på tilskodarar som vi hadde mot Brann - det vil seie at det kjem over 2970.

brann

LIKE MANGE MOT SOGNDAL? Mot Brann hadde Vegard Savland og lagkameratane nesten 3000 tilskodarar.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix