NRK Meny
Normal

Han trur at dei vil tape 25 millionar på skattefjerning

Innbyggarane i Årdal kan tape opp mot 25 millionar kroner fordi eigedomsskatt på maskiner og industrianlegg forsvinn.

Arild Ingar Lægreid

SVÆRT UROA: Ordførar Arild Ingar Lægreid.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Dette er ei skikkeleg bombe for Årdal-samfunnet, ei lokal skattlegging som har vart i over 100 år, og som no forsvinn som resultat av budsjettforhandlingar, seier Ap-ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid.

Uvissa er stor fordi den viktige eigedomsskatten på maskiner og industrianlegg vil forsvinne over dei neste sju åra. Det vart avgjort i budsjettforliket i Stortinget denne veka.

Fleire enkeltkommunar i Norge med store industrianlegg har hatt solide inntekter frå skatten. Samla inntektstap kan bli på 1,2 milliardar kroner. For Høyanger sin del kan det drei seg som 10-11 millionar kroner, fryktar ordførar Petter Sortland (Ap).

Kommunane har blitt lova ein økonomisk kompensasjon, men måten det skal skje på er uviss.

Trur ikkje Hydro satsar fordi skatten blir lågare

Årdal slit med folketalsnedgang og skrantande kommuneøkonomi, kommunen har ikkje full oversikt over kor store inntekter som står på spel, men seier dei fryktar tap på opp mot 25 millionar kroner.

At Hydro skal bruke spart skatt på å satse hardare på aluminiumsverket i Årdal trur ikkje Lægreid på.

– Det har eg slett ikkje tru på. Dette vil ikkje ha betydning for om dei investerer her eller ikkje. Det er heilt forferdeleg at denne skatten vert fjerna ved eit pennestrøk, dette er ei av få skattar som finst på lokal verdiskaping, seier Lægreid.

Hydro glad for at skatten forsvinn

Årdal metallverk

VERDIAR: Skatten på maskiner må betalast uavhengig av forteneste. Det har også Hydro reagert på.

Foto: Hydro / Helge Hansen

Informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro seier skatt på maskiner og industrianlegg har vore ugunstig for evna til å gjere nye investeringar. Han vil likevel ikkje varsle at dei no vil satse meir:

– Vi jobbar kvar dag for å vere konkurransedyktige og for å ha robuste anlegg gjennom nye investeringar, seier Molland.

LO-forbunda er delte i synet, og NHO har bedt regjeringa om å fjerne maskinskatten. Fellesforbundet har meint at å krevje skatt på maskiner set arbeidsplassar i fare.

Bjørn Øvstetun, Hydro

SKEPTISK: Bjørn Øvstetun heiser ikkje flagget når kommunen kan tape store summar.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Men leiar i Årdal Kjemiske fagforeining Bjørn Øvstetun jubla ikkje over meldinga om at maskinskatten forsvinn, han fryktar for kommunen arbeidarane bur i.

– Trass alt bur dei tilsette her og vil merke kutt i kommunen. Vi håpar alltid på investeringar, men at dette blir utslagsgjevande tvilar eg på. Det er andre vurderingar som tel.

Datasenterbransjen jublar

Men datasenterindustrien jublar over vedtaket om å ta bort skatten på maskiner.

Bransjen har til no unngått slik skattlegging, men har frykta at kommunane etter kvart kan innføre same type skatt som på tradisjonell industri.

Jørn Skaane i Lefdal Mine Datacenter i Nordfjord er godt nøgd:

– Det er ei praktisk håplaus oppgåve å ha ein slik skatt for vår bransje, og det ville skapt uvisse kring kostnadar for kundane, seier Skaane.

Lefdal Mine Datacenter

DATASENTER: Lefdal Mine Datacenter er i vekst, og har alt blitt størst i landet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.