Hopp til innhold

Han toppar rekordåret 2015

Avery Dennison NTP i Gaupne gjorde det svært godt i 2016 og toppa omsetnaden frå rekordåret 2015.

Tom Dyrdal, dagleg leiar i Avery Dennison NTP i Gaupne.

GODT NØGD: Dagleg leiar Tom Dyrdal i Avery Dennison NTP i Gaupne.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Verksemda som produserer transfermerke, mellom anna til store europeiske fotballklubbar, hadde eit resultat før skatt på 16,6 millionar og omsette for vel 140 millionar kroner i fjor.

Dagleg leiar Tom Dyrdal har grunn til å vere nøgd med resultatet.

– Det har vore litt tøffare konkurranse enn tidlegare både i Norden og elles i Europa. Trass i det har vi levert tidenes omsetning og eit solid overskot, det er veldig bra.

Han seier at mykje av grunnen til suksessen er at verksemda har fokusert mykje på å levere raskare og endå meir stabilt.

– I tillegg ser vi at vi har den beste kvaliteten og blir løna for det. Vi har og brukt mykje energi og ressursar på å vidareutvikle både system og produkt, slik at vi kan vere fremst i marknaden på heile pakken.

Fotballdrakter frå Avery Dennison NTP

PÅ MANGE STORLAG: Avery Dennison NTP lagar merke som blir klistra på draktene til mange store europeiske fotballag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dyrdal seier at ein god og stabil arbeidsstokk ved Avery Dennison NTP er ein viktig suksessfaktor.

– Suksessen vår kjem mykje av den kompetansen som sit her og som har vore her over lang tid. Det er mange som har vore her i meir enn 25 år, og det er litt spesielt når bedrifta er berre 29 år gamal.

Tom Dyrdal trur at 2017 også kjem til å bli eit godt år for Avedry Dennison NTP.

– Vi starta året veldig bra, og april ser ut til å bli ein god månad, det ser veldig bra ut. Vi ventar å sette nye rekordar også i 2017.

I fjor brukte verksemda åtte millionar kroner på forsking, og sist haust opna NTP innovasjonssenter for transfermerke i Gaupne. Dette ser dei alt effekten av.

– Utviklinga har aldri skjedd så raskt som i dag, men vil heller aldri gå så sakte igjen – så skal vi halde på arbeidsplassar i Norge er vi avhengige av å leie marknaden og ikkje følgje etter, seier dagleg leiar Tom Dyrdal.