Hopp til innhold

Han tok til tårene då Vågsøy sa ja

Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) vart rørt då Vågsøy, litt uventa, sa ja til storkommunen Kinn. Så rørt at tårene pressa på.

Ola Teigen

GLAD OG RØRT: Ordførar Ola Teigen (Ap) i Flora påstår at han ikkje var så overraska over at Vågsøy sa ja.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Då den endeleg utløysinga kom i dag med at Vågsøy sa ja, då felte eg ei tåre. Det var ein emosjonell augneblink.

For denne saka har ordføraren jobba med i lang tid.

– Det har teke ufatteleg mykje tid, det har gitt oss ufatteleg mykje arbeid. Det har vore mange møte, vakenetter, og særleg i det siste har det vore intense forhandlingar. Det har vore ei krevjande tid, og eg er frykteleg glad for det vedtaket som Vågsøy har gjort.

– Ikkje så overraska

Medan mange vart svært overraska over at Vågsøy kommunestyre valde å ikkje utsette saka, men i staden sa ja til intensjonsavtalen med Flora, så hevdar Teigen at han ikkje er så overraska.

– Eg har fylgt forhandlingane både i går kveld og i dag tett, og vi har gitt Vågsøy eit veldig godt tilbod. Vi skal ha mange funksjonar i Vågsøy, utviklingsoppgåver skal leggast dit, vi har forplikta oss til å legge eit symjeanlegg der, i tillegg til kulturhusfasilitetar.

– Eg trur det er ein avtale Vågsøy vil få mykje glede av, og eg tvilar på at dei ville ha fått eit like godt tilbod frå andre. Det er ein god avtale for Vågsøy, men det er også ein god avtale for Flora.

– Trur Bremanger kjem med etter kvart

Flora-ordføraren ser godt at det finst utfordringar med ein kommune i to delar med stor avstand mellom.

– Difor har vi invitert Bremanger med, og difor trur vi at Bremanger kjem med etter kvart. Det vil optimalisere kommunen, men til det skjer skal vi produsere litt betre tenester enn vi gjer i dag.

Han har alt gitt formannskapssekretæren i oppdrag å hasteinnkalla bystyret til måndag, for å ta stilling til endringar Vågsøy har kome med. Etter det skal det sendast søknad til Kommunaldepartementet.

Bengt Solheim-Olsen

– GLEDELEG: Tidlegare Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) ser fram til 2020 og håpar Kinn kommune får grønt lys sentralt.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Slagkraftig eining

Tidlegare ordførar i Flora, Bengt Solheim-Olsen (H), vart overraska då han fekk beskjed om avgjerda i Vågsøy. Han sat då og snakka om fotball og 1. divisjon i direktesending på NRK Sogn og Fjordane.

– Eg må vedgå at eg ikkje hadde sett dette kome i dag, men det er gledeleg nytt. Dette var breaking news. Vi ser fram til at Kinn kommune skal bli ei slagkraftig eining på kysten i Sogn og Fjordane. For dagens kommunar er for små til å løyse dei oppgåvene vi har.

Han meiner at Vågsøy og Flora passar godt saman, trass i den geografiske avstanden.

– Måløy og Florø er kystbyar som har mykje av den same kulturen og næringslivet, og så spørst det kva som skjer med kommunen som ligg mellom.