Hopp til innhold

Svensk bussjåfør tok biletet som sender Lodalen til New York

Første gong han var i Lodalen, var han på ferietur med foreldra. Mange år seinare, tok svenske Erik Hermansson dette biletet, som neste år skal pryde Times Square.

Hermansson og Lodalen

IDYLL: Svenske Erik Hermansson tykkjer Lodalen er vakraste staden i verda. Biletet hans hamnar på Times Square neste år.

Foto: privat/Erik Hermansson

– Første gong eg var der, var eg på ferietur med foreldra mine. Dei leigde ei hytte der oppe. Allereie då forelska eg meg litt i staden. Det er ein fantastisk dal med vatnet, dei bratte fjella og alle fossane, seier Erik Hermansson.

Men biletet som no har sendt han til topps i fotokonkurransen, tok han først i sommar.

– Eg var der oppe på oppdrag og køyrde buss, og eg har sett mange vakre stadar. Dette er ein av favorittplassane mine, så ein dag køyrde eg dit, i håp om at det var fint vêr. Det var fantastiske tilhøve, og då tok eg eit par bilete. Eitt av dei, lykkast eg med, seier Erik Hermansson.

Skal setje Vestlandet på kartet

Biletet hans av indre Nordfjord har i løpet av den siste veka vorte stemt fram som det absolutte vinnarbiletet, med tre andre hakk i hel, som skal pryde Times Square i New York neste år.

Dette er ledd i ein kampanje for å setje Vestlandet og Norges fjordar på kartet i The Big Apple.

På svære reklame-boards i New York skal Hermansson sitt bilete, saman med tre bilete frå Geiranger, Trolltunga og Nærøyfjorden synast fram.

– For meg, som er frå Sverige, er naturen i Norge eineståande. Lodalen er for meg det absolutt vakraste eg har sett. Det er ei slik ro i den dalen, så stilt og fredfullt. Eg prøver å fange det i mine bilete når eg er der, seier Hermansson.

Køyrer buss i Norge om somrane

Til vanleg er han bussjåfør i Sverige. Men dei siste somrane har han køyrt turistbuss i Norge, og fått sett landet vårt rimeleg godt frå syd til nord. Og då er kamera med.

– Eg tek mykje bilete. Det har vorte mykje opp gjennom åra, seier Hermansson.

Men han understrekar at han er rein hobbyfotograf.

– Eg er ein amatør, seier Hermansson.

At biletet hans skal på Times Square, kan han mest ikkje fatte.

– Det er jo noko dei fleste berre kan drøyme om, så dette er ei stor ære. Det er ikkje mange som får ei slik moglegheit, så det er heilt fantastisk, seier Hermansson.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lodalen

ALT STEMDE: Erik Hermansson fortel at alt låg til rette for eit godt bilete då han vitja Lodalen i sommar.

Foto: Erik Per.W Hermansson

Over 20.000 nordmenn har stemt

Fjord Norge ba i sommar turistar på Vestlandet laste opp sine beste opplevingar, og over 6000 bilete varrt lasta opp.

Over 20.000 nordmenn stemte over 40.000 gonger på dei beste bileta og dei flottaste stadane i Fjord Norge-regionen. Til slutt vart dei ti beste opplevingane på Vestlandet kåra.

Og det er fire av dei ti vinnarbileta som Dagbladet sine lesarar har stemt fram. Her er altså biletet til Hermansson på topp.

– Eg hadde ikkje kunne drøymt om noko slikt. Det er stort, og eg er svært takksam for at så mange har stemt på mitt bilete, seier Hermansson.

Litt artig at han er svensk...

At det er ein svenske som har teke biletet som skal representere Fjord-Norge, er jo også litt festleg, tykkjer Hermansson.

– Absolutt. Eg er dobbelt glad. Det er morosamt for ein svenske å vinne ein norsk fotokonkurranse, og få representere dykkar land med mitt bilete, er jo fantastisk, seier Hermansson.

Fotograferinga er ein viktig del av fritida hans, og han prøver heile tida å bli betre, med eit håp om at det ein gong kan verte jobben hans.

– Eg tek mykje landskaps- og naturbilete, det er heilt klart det som er mi greie, seier Hermansson.

– Men du burde jo flytte til Norge, så du kan ta bilete her?

– Som naturfotograf er det draumen å dra til Norge slik som eg har hatt moglegheit til å gjere. Det er ikkje mykje som slår naturen i Norge, seier Hermansson.