Hopp til innhold

Han tek imot 98 fleire asylsøkarar

I haust aukar talet på plassar for asylsøkarar i Sogn og Fjordane med 308. Mottaksleiar Andrew Hawkes ved Hero Norge sitt mottak i Førde tek imot 98 av dei.

Andrew Hawkes

LEIAR FOR STORT MOTTAK: Andrew Hawkes er leiar for asylmottaket i Førde, der det snart er 248 plassar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Då er vi oppe i 210 ordinære plassar og 38 plassar for einslege mindreårige, til saman 248 plassar. Det gjer oss til eit stort mottak. Utfordringane blir i første omgang å finne hus til alle. Vi er i mål med hus til dei einslege mindreårige og dei 30 første vaksne plassane, seier Hawkes.

Til saman kjem talet på mottaksplassar i Sogn og Fjordane opp i om lag 1200 dersom Norsk Mottaksdrift får etablert eit mottak med 150 plassar i Stryn. (Sjå oversyn over mottaka i faktaboks).

Førde asylmottak på Bergum

IKKJE PLASS TIL ALLE HER: Førde mottak på Bergum i Førde. Mottaket må leige husvære på den private marknaden for å få plass til 248 asylsøkarar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

108 einslege mindreårige

Flyktningstraumen frå Syria er viktigaste årsaka til auken, i tillegg til at det siste året har kome mange einslege mindreårige asylsøkarar til Norge. Det siste gjer at det no er oppretta til saman 108 slike plassar i Sogn og Fjordane.

I tillegg til dei 38 plassane i Førde blir 30 ordinære plassar ved asylmottaket til Lopex i Sogndal gjort om til plassar for einslege mindreårige. Sidan i vår har det vore 40 plassar ved mottaket som Norsk Mottaksdrift driv på Skei i Jølster.

Der kan mottaksleiar Oddvar Årdal fortelje at mottaket og dei unge asylsøkarane er godt mottekne.

– Vi kjenner oss veldig aksepterte her, og det går veldig greitt. Det er lite av tull og tøys ute i lokalsamfunnet rundt våre bebuarar, og det ser ut til at bebuarane likar seg og har det trygt og godt, noko som er første bod for dei.

Dei 37 som for tida held til på mottaket får undervising fem dagar i veka på Sandane Opplæringssenter, og dei blir aktiviserte på fritida. Årdal fortel at dei hadde tendensar til «brakkesjuke» før undervisinga kom i gang i haust, men at trivselen no er god.

Jølster 3 vs Jølster United

– LITE TULL OG TØYS: Mottaksleiar Oddvar Årdal ved mottaket for mindreårige asylsøkarar på Skei.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

60 fleire i Flora

Det eldste asylmottaket i fylket er Solbakken, som har vore drive av Flora kommune sidan 1993. Der har det til no vore plass til 130 asylsøkarar. Før utgangen av året er det auka til 190. Mottaksleiar Arild Hellesen seier det har gått greitt å skaffe tak over hovudet til dei nye som kjem.

– Vi er ute på den private marknaden og leiger hus. Til no har det gått greitt, vi har hus til dei første 30 plassane som vart opna 1. oktober, og vi er godt på veg til å skaffe til dei neste 30 som skal vere på plass 1. desember.

Solbakken i Florø med asylmottakskilt

PLUSS 60: Solbakken asylmottak i Flora får frå 1. desember 190 plassar.

Foto: Ottar Starheim / NRK