NRK Meny
Normal

Syr eigen Sunnfjordbunad til bursdagen sin

Rune Nygård frå Florø har heilt andre interesser enn dei fleste andre ungdommar. Han elskar husflidsarbeid, og har satt seg eit spesielt mål til 18-årsdagen sin i april.

Han er 17 år og har stor interesse avå sy bunad. No er målet å sy sin eigen før han er 18 år.

SJÅ TV-SAK: 17 år gamle Rune Nygård frå Florø har heilt andre interesser enn sine jamaldringar. (FOTO/REDIGERING: HEIDI LISE BAKKE/NRK)

I denne kjellarstova finn du ikkje Playstation eller plakatar på veggane. Her jobbar Rune Nygård knallhardt med bunadprosjektet sitt. Resultatet av mange års arbeid ligg strødd utover bordet og rundt om i rommet.

Det er ikkje mange ungdomar i Noreg som deler Rune Nygård si fritidsinteresse. Han er nemleg glødande opptatt av husflid, og jobbar no hardt med å sy sin eigen Sunnfjordbunad.

Bunadbeltet

NØYEN: Det er tidkrevjande å sy eit vakkert bunadsbelte.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Nådelaus tidsfrist

– Bestemora mi sydde sin eigen bunad då ho var 19 år gamal. Då måtte eg vere betre, så no skal eg sy min ferdig til eg er 18 år.

Nygård såg besteforeldra sine sy og jobbe med handarbeid mykje då han var liten. Det syns han såg moro ut, og satt tidleg i gong med det enorme prosjektet.

– Eg tok dei fyrste stinga i bunadsbeltet då eg var 13 år gamal, fortel han.

Sidan har han jobba jamt og trutt med syarbeidet. Han jobbar mest her heime, men som aktiv ungdomspolitikar er det nok av lange møter der sjansen til å leite fram handarbeidet byr seg.

– Eg prøver alltid hardt sjølv, men dersom eg står fast er det heldigvis mange flinke i byen som driver med faget. I tillegg har eg besteforeldra mine som alltid trår til om eg treng hjelp.

Krevjande arbeid

Janne Haugenes driv husflidsbutikken Petra Tråkletråd. Her har Nygård fått både hjelp og kursing tidlegare. Ho er verkeleg imponert av arbeidet til Nygård.

(Artikkelen held fram under biletet)

Petra Tråkletråd

IMPONERT: Janne Haugnes kikkar engasjert på arbeidet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Eg syns det er skikkeleg bra! Det er veldig godt handarbeid. Eg syns det er innmari imponerande at ein gut i hans alder sett i gong med eit slikt prosjekt. For det er et stort prosjekt å sy seg bunad, seier Haugenes.

Dei fleste andre kundane hos Petra Tråkletråd er kvinner. Mange av dei er også godt vaksne. Nygård er dermed eit friskt innslag det lokale husflidsmiljøet.

- Han har jo bursdag i april, og han har jo eit stort mål om å få bruke bunaden sin då. Det trur eg heilt sikkert han klarer, smiler ho.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.