Hopp til innhold

Han styrer fylkets nye vekstkommune

AURLAND (NRK) Bygda han styrer har lukkast i å utvikle heilårsturisme. Det gjer at Aurland har gått frå å vere ei nedgangsbygd til ein av dei største vekstkommunane i Sogn og Fjordane.

Noralv Distad

GLAD: – Det er eit lite eventyr, seier ordførar Noralv Distad om Aurland kommune, som har gått frå å ha eit folketal i fritt fall, til å vere ein av dei store folkevekstkommunane i Sogn og Fjordane, relativt sett.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Etter fleire tiår med ei folkemengd i fritt fall, har Aurland kommune snudd trenden og auka folketalet sitt kvart år sidan 2010.

Grunnen er at den store turistkommunen inst i Sogn har knekt koden med å utvikle heilårsturisme.

Talet på aurlendingar har auka frå 1682 ved starten av 2010, til 1791 etter første kvartal i år, ifølge tal frå fylkeskommunen og SSB.

Sjølv om kommunen framleis er mellom dei minste i Sogn og Fjordane, er turistkommunen no blant dei store vekstkommunane i fylket, rekna etter prosentvis vekst.

Større enn sentra

For folkeveksten sidan 2010 er på 6,5 prosent. Til samanlikning har vekstsentera som Flora og Eid høvesvis cirka 3,55 og 4 prosent i same periode. Førde har cirka 8 prosent. Og veksten i Aurland kjem lite frå busetjing av flyktningar. Den baserer seg på reell næringsvekst og nye jobbar. Mange av dei er fylt av arbeidsinnvandrarar frå EU/EØS-land.

– Vi har lukkast med å få reisegrupper og individuelle reisande hit heile året, og då blir det fleire heilårs arbeidsplassar. Vi gav aldri opp å få til eit heilårs reiseliv. No har vi lukkast, seier ordførar Noralv Distad (H).

Han meiner målretta innsats gjennom mange år, no betalar seg for den vakre bygda ved Sognefjorden.

– Det eine viktige punktet var å få Flåmsbana til å gå heile året. Det var tale om på 90-talet at ho ikkje skulle gjere det. På 90-talet etablerte vi også båtruta Flåm-Gudvangen. Då vi hadde desse store opplevingane på plass, hadde vi lagt grunnlaget vi kunne bygge vidare på, seier Distad.

Cruiseskipet Independence i Flåm 2014

FLÅM: Stadig nye rekordar blir sett i turistmetropolen Flåm.

Foto: Jan Christian Jerving

Store på handel

Resultatet er at i dag har Aurland ein stor underskog av småverksemder knytt til reiselivet, som i likskap med reiselivet generelt, opplever sterk vekst.

Men ifølge Distad er Aurland no også den fjerde største handelskommunen i Sogn og Fjordane, målt etter omsetnad per innbyggar. Grunnen er den enorme turisttrafikken og det turistane legg att i butikkane.

35 prosent av dei yrkesaktive i Aurland, jobbar no i reiselivsnæringa.

Tilo Fischer og Odd Ohnstad

INNFLYTTAR: Pølsemakar Tilo Fischer (t.v.) flytta frå Tyskland via Karasjok til Aurland for å jobbe i Haugen gardsmat, saman med dagleg leiar Odd Ohnstad.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Ein av mange småverksemder med vekst, er Haugen gardsmat. Lokalmatprodusenten har auka talet på tilsette frå tre til ti siste åra.

– Farten i reiselivet her har stor betydning. Og reiselivsverksemder her lokalt har veldig stor betydning for vår liv og levnad. Det er noko av bakgrunnen for vår vekst, seier dagleg leiar Odd Lothe Ohnstad.

Samarbeid

Men nøkkelen er også samarbeid. Blant dei som samarbeider for heilårsturisme i Aurland er kvinnenettverket Embla. Fleirtalet av dei som driv verksemder knytt til reiseliv i Aurland, er ifølge ordførar Distad, kvinner.

Kristine Grønner Ohnstad

SAMARBEID: Dagleg leiar Kristine Grønner Ohnstad i Sognefjorden Næringshage as.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Målet vårt er heilårs reiseliv. Difor må vi ha tilbod til turistane. Vi veit at det er tungt å drive heile året for små verksemder. Så då samarbeider vi om å ha ope til ulike tider, slik at alle kan få litt omsetnad, seier dagleg leiar i Sognefjorden Næringshage, Kristine Grønner Ohnstad.

– Sju år med samanhengande folkevekst for ein distriktskommune. Vil det halde fram?

– Vi har utfordringar knytt til bustadar. Men no har kommunen fått tak i ganske store utbyggingsareal og vi ser at private vil setje i gang prosjekt. Eg reknar med at veksten vil halde fram i mange år framover, seier Distad.