NRK Meny
Normal

Han støttar planen om nytt fylke på Vestlandet

Fylkesrådmann Tore Eriksen rår til at politikarane vedtek ein avtale om samanslåing av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Fylkesrådmann Tore Eriksen og ass. fylkesrådman Paal Fosdal

POSITIV: Fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Tore Eriksen.

Foto: Mattias Rolighed Bergset / NRK

Fylkesrådmann Tore Eriksen rår fylkestinget til å søkje samanslåing med Hordaland dersom Stortinget faktisk vedtek ei regionreform, der dei reduserer tal fylke/regionar til om lag ti og styrkar regionnivået med nye oppgåver.

17. januar i år skreiv fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane og fylkesvaraordførar Pål Kårbø i Hordaland under på ein intensjonsavtale om danning av eit nytt fylke på Vestlandet.

No er det opp til politikarane i dei respektive fylkestinga kva som skal skje vidare, men etter alle solemerke vil eit fleirtal i begge fylka røyste for avtalen som til slutt kan ende opp som det nye fylket Vestlandet.

Todelt innstilling

Men fylkesrådmannen vel likevel å gje politikarane ei todelt innstilling, der alternativet er at Sogn og Fjordane held fram som eige fylke slik som i dag.

– Vi har ein veldriven fylkeskommune og kan syne til nokre av dei beste resultata i landet innanfor fleire sektorar og fagområde. Utan ei reell regionreform er det ikkje grunnlag for samanslåing med Hordaland, meiner Tore Eriksen.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane handsamar saka torsdag 2. februar, og fylkestinget i nabofylket får saka på bordet dagen etter.

Dei fleste vil vere åleine

Fylkestinga i alle dagens 19 fylke gjorde før jul vedtak om regionreforma. Basert på desse vedtaka åleine ligg det an til at tal fylkeskommunar går ned til 17, då berre trøndelags- og agderfylka har vedteke å slå seg saman.

Oslo, Rogaland, Møre og Romsdal, Finnmark, Troms, Hedmark og Oppland har alle vedtak om å halde fram som sjølvstendige regionar. Dei fylkestinga som ønskjer samanslåing, har ikkje samanfallande ønske.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.