Hopp til innhold

Han slår saman partilaga til Ap i storkommune

Ved kommunesamanslåing er det ikkje berre kommunane som må organiserast på nytt. Det same gjeld for Arve Helle og partilaga til Arbeiderpartiet i Indre Sunnfjord.

Arve Helle

PROSESSEN ER I GONG: Arve Helle er organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane Arbeiderparti og har starta organiseringa av partilaga i Indre Sunnfjord.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Vi hadde det første møtet i førre veke, der vi starta prosessen som no skal gå framover, seier Arve Helle, organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane Arbeiderparti.

Startskotet har gått for ein prosess i indre Sunnfjord for kommunesamanslåing mellom kommunane Jølster, Gaular, Naustdal og Førde.

Det gjer sitt til at Arbeiderpartiet har starta med å slå saman dei fire partilaga i den nye storkommunen. Vegen for kor ein går vidare er framleis ikkje lagt.

– Så langt har ein ikkje kome. No handlar det mest om formalitetar og få sett eit styre som skal jobbe vidare med dette.

Vil halde på interessa

Det er fleire ulike måtar det nye storpartiet i Indre Sunnfjord kan organisere seg på.

– Då kan ein slå saman alle fire til eitt, eller ein kan ha eit overordna partilag der gamle partilag held fram som underavdelingar.

Den største utfordringa for partilaga er å bevare interessa for politisk engasjement, meiner Helle.

– Alle er opptatt av å få organisert dette på ein måte som gjer at vi held oppe engasjementet. Å behalde interessa for kommunepolitisk arbeid har vore ein del av utfordringa i endringa av kommunestruktur.

Vil dette kunne føre til lenger avstand mellom veljarane og politikarane?

– Indre Sunnfjord er nok ikkje det verste, for her er det relativt korte avstandar samanlikna med andre stader. Her er føresetnadene gode for å unngå dette, men det er heilt klart ei utfordring, seier Helle.

Møte med Sanner

I MØTE MED SANNER: Delegasjonen frå Indre Sunnfjord møtte Sanner for å få avklaring om kommunereformen.

Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Vegen vidare

Partilaga i Indre Sunnfjord jobbar vidare for ei samanslåing av partilaga med eit klart tidsperspektiv.

– Ei gruppe skal jobbe vidare med dette. Den nye kommunen skal vere oppe å gå frå 1. januar 2020. Målet er at lokallaga skal vere smelta saman før den tid. Dei næraste åra vil det meste skje for at organiseringa skal vere klar, meiner Helle.

Ved andre kommunesamanslåingar kan dette bli ein mal i høve andre lokallagsfusjonar, seier Helle.

– Her i fylket er dette samanslåinga som har kome lengst og er klar, så med dette vil vi nok kunne sette ein standard for korleis dette skal bli seinare.