Hopp til innhold

Han skaut på feil skive i debuten

Håvard Gutubø Bogetveit trefte fire av fem blinkar på ståande skyting i sin verdscupdebut i Holmenkollen. Men førdianaren skaut på feil skive.

Håvard Gutubø Bogetveit

HADDE IKKJE DAGEN: Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde er spådd ei lysande skiskyttarframtid, men hans første verdscupsprint vart ingen stor opptur. Arkivfoto.

Foto: Rune Fossum / NRK

Debutanten stilte seg opp på skive 27 på standplass under herrane sin verdscupsprint i skiskyting. Men skota frå sunnfjordingen trefte blink på skive 26.

Åtte minutt i straff

– Eg tenkte ikkje over at eg skaut på feil skive, men det var tydelegvis det eg gjorde, seier Gutubø Bogetveit til NRK etter målgang.

Trass fire treff blei det ei saftig tillegstid på sunnfjordingen som med startnummer 100 var det siste som gjekk ut i sporet i Holmenkollen.

– Det vart åtte minutt tillegg når eg skaut på feil skive. Det er første gong, men eg kvalifiserte meg ikkje til jaktstarten, så det er ikkje så bittert likevel, meiner skiskyttaren.

Sleit i skisporet

Litt flau er han likevel over tabben.

– Det var litt unødvendig, spør du meg, men det gav ikkje så store konsekvensar denne gongen, seier 22-åringen.

For heller ikkje ute i sporet hadde han noko god dag.

– Det var tungt og lause forhold. Eg gjekk jo desidert sist, så det var ganske oppgått spor og litt isete og mykje snø. Det gjekk tungt og kroppen var ikkje heilt rå heller, så det hadde ikkje blitt noko toppløp uansett, seier 22-åringen som trass å ha starta som nr. 100, til slutt vart nr. 99 i mål.

Fleire har gjort det

Bogetveit kan trøyste seg med at han på langt nær er den einaste som har bomma på skiva under skyting.

– Det var jo endå betre då Magdalena Neuner stod på skive ein og skaut på skive to. Det synest eg var endå betre gjort, mimrar NRK Radiosporten sin ekspertkommentator Liv Grete Skjelbreid Poirée.

– Det skuldast at utøvarane er inne i eit modus og har eit slikt fokus at dei merkar det ikkje sjølv. fordi dei er så konsentrerte på arbeidsoppgåva, seier den tidlegare skiskyttardronninga.