NRK Meny
Normal

Han skal springe Hornindal rundt for å samle pengar til kreftforsking

HORNINDAL (NRK): Då guten han var førskulelærar til døydde av hjernesvulst, bestemte Henning Haugen seg for å samle inn pengar til forsking.

henning haugen

- BETYR MYKJE: Hennig Haugen skal springe Hornindal rundt for å heidre guten han var barnehagelærar til. – Dette er ein fin måte å heidre han på.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes

– Dette er ein fin måte å heidre han på, seier Haugen.

Det er komande helg at han skal springe ultraløpet Hornindal rundt. Fjelløpet er 75 kilometer langt, og Haugen har aldri før vore med på noko liknande tidlegare.

– Dette betyr mykje for meg, så det hjelper meg nok kanskje oppover dei brattaste bakkane.

Ville hjelpe

Det heile byrja i 2008 då han jobba i ein barnehage og SFO i York i England. Eitt av barna var Oscar Hughes.

– Han var frisk då eg jobba der borte. Nokre år etter eg kom heim, fekk eg vite at han døde av hjernesvulst.

Haugen tok kontakt med foreldra til guten for å kondolere. Då fortalde dei om stiftinga dei hadde oppretta for å samle inn pengar til kreftforsking.

– Det var ein fin måte dei heidra guten sin på, og noko eg ville støtte. Det har foreldra sett stor pris på.

Mål om 1.000 pund

Totalt er 431 personar frå heile verda meldt på ultraløpet i helga. Haugen seier sjølv at han ikkje har fått førebudd seg i stor grad.

– Fleire har råda meg til å ta meg nokre turar, men det har ikkje blitt slik. Eg får ta det roleg å føle meg fram. Målet er å fullføre.

I tillegg til å fullføre, har Haugen eit mål om å greie å samle inn 1.000 pund, kring 11.000 kroner, til stiftinga.

– Eg nærmar meg 600 pund, så eg håpar å få inn litt meir under og etter løpet.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.