Hopp til innhold

Han skal gifte seg – midt i teaterstykket

Rune Balsnes er lokal skodespelarstjerne under Elskhug og Eksis på Nordfjordeid. No skal han gifte seg undervegs i lystspelet.

Rune Balsnes under Elskhug og eksis

SKODESPELARTALENT: Rune Balsnes har sjarmert publikum under Elskhug og Eksis sidan 2005.

Foto: Svein Nesbakk

Det er ein uvanleg måte å seie ja til kvarandre på, men på Nordfjordeid er dette ein tradisjon.

Sidan 2005 har Rune Balsnes sjarmert publikum som den litt ubehjelpelege "Sjur Sersjant". Også i år skal 30-åringen ha rolla, men undervegs på laurdag skal han altså gifte seg på ekte med Mai Elise Hammer.

– Den fyrste ferien vi hadde ilag var på Nordfjordeid då eg var med i stykket. Mai vart veldig glad i både staden og stykket. Ho vart med to år etter også, då var det fyrste gongen det også var giftarmål, og det tykte vi var fint.

Etter kvart modna tanken for paret som er busett i Trondheim om å gifte seg.

– No kom anledninga, og då tenkte eg at eg må jo berre spørje om ho vil gifte seg, og ho sa ja, smiler Balsnes.

Folkeleg musikal

Rune Balsnes har vore med sidan fyrste gongen lystspelet vart sett opp i 2005. Spelet mønstrar langt over hundre skodespelarar og fleire tusen har vore publikum.

– Det er mange som undrar seg over at eg skal gifte meg under eit skodespel, men ein må skjønne settingen. Det er eit fantastisk område, med Malakoff, sommar, barn og vaksne. Det er rett og slett ei god kjensle, med god stemning og flotte folk som er med, forsikrar Balsnes.

Elskhug og eksis

FESTDAGAR: Spelet Elskhug og Eksis på Nordfjordeid har over 100 skodespelarar, over 30 av dei er born.

– Veldig stort for meg

Rune Balsnes skal framleis spele Sjur Sersjant trass i at han skal gifte seg undervegs. Men nokre tilpassingar i handlinga ser han føre seg:

– Eg kan ikkje gifte meg som Sjur Sersjant. Det går ikkje, han er ingen giftbar kar.

Rune Balsnes i rolla som Sjur Sersjant vekte oppsikt i bygda:

– Eg vart lokalkjendis, i alle fall eit par veker etterpå. Det å få lov til å vere med då eg var 18, det var veldig stort for meg.

Rune Balsnes og Erlend Ona Gjul

RADARPAR: Rune Balsnes som Sjur Sersjant (t.v.) og Erlend Ona Gjul som kommissær Jon Myklebust

Foto: Svein Nesbakk

– Folk lurer på om det er på ekte

Laurdagane under Elskhug og Eksis kan det vere hundrevis av tilskodarar.

– Den siste tida har vore så travel at eg knapt har tenkt på det. Men her ein dag kom det over meg at eg skal spele, synge, danse og by veldig på meg sjølv i mitt eige bryllaup framfor både ny familie, og ein haug med ukjente menneske. Då fekk eg litt klump i magen, eg skal innrømme det, ler brudgomen.

Men fyrst og fremst gler han seg noko enormt:

– Det blir ein stor dag i livet. Det er ei glede å både få spele Sjur Sersjant og ikkje minst å få gifte seg med ei fantastisk jente, seier Rune Balsnes.