Han skal feire rekordoverskot for Fjord1 med ei svele

Noregs største ferjeselskap tente pengar som aldri før i fjor, og fekk eit overskot på 714 millionar kroner.

Dagfinn Neteland

MEINER DEI TRENG PENGANE SÅRT: Fjord1-direktør Dagfinn Neteland meiner ferjeselskapet treng overskotet for framtidige investeringar.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Vi tar oss ei svele for å feire. Det blir ikkje betre enn det, seier toppsjef i Fjord1, Dagfinn Neteland

Salet av 800.000 sveler i året er med på å sikre det største overskotet i ferjerederiet si historie. Fjord1 hadde eit årsresultat på 714 millionar kroner i fjor, noko som er 200 millionar meir enn rekordresultatet frå 2016. Det gjer at eigarane kan le heile vegen til banken.

– Styret gjorde eit vedtak på å dele ut 270 millionar i utbyte, seier Neteland.

Ferjedrifta er den store årsaka til at millionane segla inn på kontoen til Fjord1.

– Vi har vunne fleire kontraktar, og gjort betydelege endringar av drifta vår. Ferjekaféane bidreg med sitt, samt at vi tener meir pengar på reiselivsaktiviteten vår, seier Neteland.

MF Eidsfjord

700 MILLIONAR: Noregs største ferjeselskap tente pengar som aldri før i 2017 på ferjedrift.

Foto: Fjord1

– Vi treng pengane sårt

Sogn og Fjordane fylkeskommune gjorde eit vedtak i 2016 om å selje seg ut av eigarsida til Fjord1. Om det ikkje hadde skjedd, så ville det gitt eit utbyte på 159 millionar frå overskotet. Året etter gjekk ferjeselskapet på børs med håp om lettare tilgang til kapital. Eit overskot på 700 millionar er kjærkome, meiner Neteland.

– Vi treng pengane når vi skal investere fleire milliardar framover. Med investering i grøn teknologi og nye kontraktar, så treng vi pengane sårt, seier Neteland.

Neteland ser ikkje nokre umiddelbare skjær i sjøen for drifta i år.

– Eg kan ikkje love at 2018 blir like godt, men eg ser lyst på det. Vi må passe på drifta kvar dag, seier han.