Han ønskjer å gi folk håp i påska

Ingvald Andersen Frøyen går inn i si travlaste tid som fersk sokneprest i Førde. Med seg i bagasjen har han mange år som misjonær i Afrika.

Ingvald Andersen Frøyen

I MALI: Ingvald Andersen Frøyen har budd og jobba i Mali i mange år. – Det var ei fantastisk moglegheit, men det var også krevjande å bu i eit fattig land som har mange utfordringar.

Foto: Privat

– Då vi budde i Mali var påska den viktigast høgtida for mange. Dei feirar påska fordi den gir dei eit lysglimt i eit land der ein ikkje stoler på myndigheitene. Dei får høyre bodskapen om at alle blir tekne imot slik dei er, noko som gir moglegheiter og eit håp, fortel Frøyen.

Han trur at i Noreg har kyrkja fått stor konkurranse frå høgfjellet og at folk reiser mykje.

– Kyrkja må gjere eit krafttak for å ta påska tilbake, for ho er minst like viktig som jula når det gjeld innhaldet.

Frøyen og familien budde åtte år i Mali i Vest-Afrika. Seinare har han reist fram og tilbake mellom Noreg og Mali. I vinter blei han tilsett som sokneprest i Førde. No ventar travle dagar.

– Påska er ei travel høgtid for oss som jobbar i kyrkja, men eg ligg bra an. Påska er den viktigaste høgtida i kyrkja. Påska handlar om håp, om at livet er sterkare enn døden. Det er eit bodskap som er like viktig dag som tidlegare tider.

Byggjer bru mellom notid og fortid

Men det kan vere utfordrande for ein prest å formidle bodskapen.

Ingvald Andersen Frøyen

PREST OG MISJONÆR: Han er no sokneprest i Førde.

Foto: Privat

– Vi skal jo formidle gamalt nytt. Det er utfordrande, men spennande. Vi må formidle bodskapen slik at menneske i dag opplever han som relevant. Eg kan ikkje ta for gitt at folk kjenner bakgrunnen for påska, historiene og personane i Bibelen.

Frøyen seier at når han skal preike, prøver han å formidle kontakt først.

– Eg tek gjerne med noko frå notida og byggjer bru til bibeltekstane som er over 2000 år gamle.

Meir brutal

1. påskedag vil han snakke om at mange menneske lever utan å ha håp.

– Så kjem påska med eit bodskap om at Jesus har sigra over døden. Det finns rettferd. Dette er noko alle kan ta del, uavhengig av etnisk gruppe, eller om du er fattig eller rik. Alle stiller likt.

Han trur at mange er ukjende når det gjeld innhaldet i påska, i motsetnad til jula som også er enklare å formidle.

– Påskebodskapen er meir brutal. Det er eit menneske som først blir hylla, deretter drepen utan grunn og som så står opp igjen. Mi utfordring blir å opne opp for om det berre er det vi kan måle og vege som eksisterer, eller om finns det noko som er større enn vår eigen tanke, seier han.

Frå ein landsby i Mali

LANDSBY: Dette biletet har Frøyen teke i ein landsby. Mali er ein republikk i Vest-Afrika.

Foto: Ingvald Andersen Frøyen