Hopp til innhold

Han meiner Sogn barnevern må rydde i eigne rekker

Advokat Louis Anda kritiserer barnevernstenesta i Sogn etter at det er avdekka alvorleg brot på tenestene.

Louis Anda

UROVEKKANDE: Louis Anda meiner arbeidsforholda i Sogn barnevern er urovekkande.

Foto: NRK

– Ein lurer nokon gonger på om det er rådmannen eller barnevernsleiar som styrer barnevernstenesta i Sogn. Dei må få ryddige og gode arbeidsforhold. Det er viktig å ha ei god og tryggande barnevernsteneste, seier Louis Anda.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har granska over 200 saker i Sogn barnevern frå januar i fjor til september i år. Advokat Louis Anda har vore involvert i nokre av sakene, og opplever at ansvarsforholda i Sogn barnevern av og til er uklare.

Omsorgsovertaking er ei enorm påkjenning

Anda meiner at mange tvangsinngrep kanskje kunne vore unngått om barnevernet kom inn tidlegare med hjelpetiltak.

– Eg trur dei fleste opplever å sitte nokon månader i fengsel som mindre belastande enn å bli fråteken ungane sine.

Han meiner omsorgsovertakingssaker spesielt er nokon av dei mest alvorlege sakene ein har.

– Om det er strid om fakta i slike saker, er det som regel barnevernet si faktaoppfatning som blir lagt til grunn. Om vurderinga er gjort på feil, sviktande eller mangelfullt grunnlag, kan det få konsekvensar for ungane, seier Louis Anda.

Må gå gjennom praksisen

Rådmann i Sogndal, Jostein Aanestad seier dei allereie er i gang med ein forbetringsplan.

Jostein Aanestad

ALVORLEG: Rådmannen seier forholda som er avdekka i barnevernet er særs alvorlege.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Vi har ikkje hatt ein teneste som er trygg i forhold til dei tenestene vi skal yte. Vi har organisert oss på nytt for å sikre best mogleg kvalitet, men vi må jobbe vidare med dette. Det er viktig at innbyggarane er trygge på at alle meldingar blir undersøkt grundig, seier Aanestad.

Fylkesmannen har utført eit dokumenttilsyn og avdekka fleire alvorlege lovbrot. Dei har ikkje vore ute og sett på sjølve tenesteytinga. Men rådmannen ser ikkje bort frå at faren for at tenesta kan ha vore mangelfull.

– Om nokre saker kunne hatt andre utfall seier ikkje dette noko om, men vi må gå gjennom praksisen vår og forbetre kvalitetssikringa vår, seier Rådmann Jostein Aanestad.