Hopp til innhold

Han meiner ordføraren har vore for taus om kommunereforma

Gaute Losnegård (SV) fryktar mangel på informasjon gjer at innbyggjarane i Askvoll ikkje veit kva som skjer i arbeidet med kommunereforma. Ordførar Frida Melvær (H) avviser kritikken.

Mælver og Losnegård

UEINIGE: I dag gjorde Askvoll kommunestyre eit viktig vedtak på vegen mot ei framtidig kommunesamanslåing. SV-politikar Gaute Losnegård (til høgre) meiner ordførar Frida Melvær (H) og kommunen ikkje har informert innbyggjarane godt nok i forkant.

Foto: Montasje / NRK

I dag bestemte kommunestyret i Askvoll at dei vil gå vidare med intensjonsavtalane med HAFS-kommunane og dei ni kommunane i sunnfjordalternativet om kommunesamanslåing.

Gaute Losnegård (SV) er kritisk til den manglande debatten i forkant av vedtaket.

– Det har berre blitt køyrt igjennom, utan at folk har fått vite så mykje. Det tykkjer ikkje eg er bra, det er trass alt det viktigaste spørsmålet for Askvoll kommune på mange tiår, seier han.

Ikkje einig i kritikken

Han fryktar at manglande merksemd i media og lite aktive politikarar, gjer at folket ikkje greier å halde seg oppdaterte.

– Du må faktisk vere i kommunestyresalen for å vite kva som skjer, og det er kanskje for mykje for langt, seier han.

Ordførar Frida Melvær er ikkje eining i kritikken. Ho meiner informasjonsarbeidet har vore tilfredsstillande, og syner til uttalar ho har gjort i media og eit informasjonsmøte kommunen hadde med innbyggjarane i vinter.

– Så taust vil eg ikkje seie at det har vore. Kvar Gaute Losnegård hentar sine påstandar frå, veit eg ikkje. Det får stå for hans rekning, seier ho.

Vil intensivere informasjonsarbeidet

Losnegård står på sitt. Han meiner det går for lang tid mellom kvar gang innbyggjarane i kommunen får vite kva politikarane tenkjer.

– Dette er ei sak som utviklar seg fortløpande. Å vise til eit folkemøte som ein hadde for fleire månader sidan, det tykkjer ikkje eg er godt nok, seier han.

Sjølv Melvær ikkje tek til seg kritikken, seier ho kommunen vil intensivere informasjonsarbeidet framover. Etter kvart vil dei høyre innbyggjarane. Men kommunen har enno ikkje teke stilling til ei eventuell folkerøysting.

– Før vi har ei slik høyring, er det viktig at folk har god informasjon om konsekvensane av dei ulike alternativa, seier ho.

I tillegg til dei to samanslåingsalternativa, er det å stå åleine framleis eit mogleg utfall. Kommunestyret skal ta endeleg stilling til saka i juni neste år.