Han meiner kultureliten ikkje skjønar countrykulturen på bygda

Norsk Countrytreff fungerer som ein draum, men på ein måte kultureliten ikkje skjønar. Det meiner musikkjournalist Einar Engelstad i Bergens Tidende.

Einar Engelstad

KULTURKOLLISJON: Einar Engelstad, musikkjournalist i Bergens Tidende, meiner det folkelege kulturomgrepet, som Norsk Countrytreff representerer, like mykje fortener livets rett som det smale og hippe kulturomgrepet definert frå hovudstaden.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Norsk Countrytreff i Breim sin status som knutepunktfestival er under press. Kulturrådet meiner festivalen ikkje tilfredsstiller krava til 1,7 millionar i årleg støtte, som statusen gjev dei.

I helga trakk countryfestivalen 11 400 betalande gjester til Breim. Engelstad skriv i ein kommenatr i avisa BT at han meiner det viser at festivalen fungerer. Problemet er berre at den er for folkeleg for kultureliten.

– Du har ein bygdecountrykultur, som festivalen i Breim representerer. Så har du den hippe nycountrybølga som kulturfolka i Oslo representerer. Dei er tydelegvis særs ueinige om kva som eigentleg er country, seier Engelstad.

Han

(Artikkelen held fram under videoen)

Sjå kva festivaldeltakarane seier om Countryfestivalen på Breim.

MØT FESTIVALFOLKET: Publikum kosa seg både framfor scena og på festivalcampen under Norsk Countrytreff i helga.

– Bygdekulturen fortener livets rett

Han vedgår at han personleg kunne ønskt seg eit litt sprekare snitt på festivalen. Men det viktigaste er at den fungerer på sine eigne premiss.

– Det musikalske programmet er gjerne litt gamaldags, greitt nok. Men kvifor skal alt vere så moderne? Dette er ein del av bygdekulturen og den fortener livets rett, seier Engelstad.

Han trur at kulturrådet ikkje heilt har forstått kulturen på bygda. Og meiner dei kunne ha godt av å avleggje festivalen ein visitt.

– Her er det nokre som tydelegvis ikkje har vore der, som ikkje skjønar kor kjekt det er, men som ser festivalen utanfrå. Hadde dei teke seg ein tur, så hadde dei kost livet av seg, seier Engelstad.

Treng støtte for å kunne utvikle seg

Han meiner countryfestivalen er like veldrive som dei meir velrenommerte rockefestivalane. Samstundes, skal den få høve til å utvikle seg til å famne om nye trendar og smalare artistar, er dei nettopp avhengige av støtta som knutepunktstatusen gjev.

– Med ein viss statleg støtte i botn, kan du ta større risiko, enn om du berre må tenke hundre prosent kommersielt, seier Engelstad.

I mellomtida meiner han Norsk Countrytreff står seg godt som den er.

– Dette er kultur nok. Det er absolutt bevaringsverdig og ein kultur som lever viss den får dei rette rammene, seier Engelstad.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.