Hopp til innhold

Han meiner det er for tidleg å handsame Fjord1-salet

Fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, meiner han ikkje har nok føresetnadar til å ta ei avgjerd om kor vidt fylkeskommunen skal selje seg ut av Fjord1.

Hilmar Høl

FOR TIDLEG: Hilmar Høl vil ha meir tid før han tek ei avgjerd i Fjord1-saka.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Ut frå dei føresetnadane som er lagde på mine politiske skuldrer og som eg skal ta vurderingar ut ifrå, så har eg store problem med denne saka. Det må eg innrømme, seier Høl.

Skal Sogn og Fjordane fylkeskommune selje seg ut av Fjord1, eit selskap dei eig 59 prosent av?

Fylkesrådmannen sitt råd til politikarane kom torsdag, og går for eit gradvis sal av selskapet til Torghatten.

Får innsyn i dokument måndag

Men Fjord1-eigar Per Sævik i Havilafjord varslar samtidig at dei vil nytte forkjøpsretten, og om naudsynt gå rettens veg.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) sa torsdag at ho ikkje kan halde seg til slike utspel.

– Vi kan ikkje halde oss til noko trugsmål. Det er ein del dokument vi ikkje har innsyn i, som vi får i fylkesutvalet. Det vert interessant å sjå kva som står i dei, seier Følling.

Dokumenta fylkespolitikarane får innsyn i først på måndag, vil truleg ikkje overtyde Hilmar Høl i Arbeidarpartiet om å selje Fjord1-aksjane.

Har store problem med å vurdere saka

Høl meiner kravet frå Havilafjord gjer at fylkesutvalet ikkje kan handsame saka no.

– Eg har store problem med å bli med å vurdere denne saka ut ifrå det som har komme frå juristane til Havilafjord om det kravet dei har som minioritetseigar. Ikkje minst det som har med forkjøpsretten å gjere, og det at dei kjenner seg forbigått, seier Høl.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet har klart fleirtal på fylkestinget. Kva dei går for vil truleg vere avgjerande for eit ja eller nei til sal.

Følling og Senterpartiet vil ikkje konkludere enno. Høl legg ikkje skjul på kva han meiner.

– Som leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti har eg stått på kravet om at vi framleis skal vere ein sterk, offentleg eigar av Fjord1. Eg er veldig skeptisk til sal så lenge saka står slik ho står no, seier Høl.