Hopp til innhold

Han meiner budsjettframlegget er godt for fylket - men det er ikkje Navarsete samd i

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) meiner dagens framlegg til budsjettframlegg er godt for Sogn og Fjordane. Det er Liv Signe Navarsete (Sp) rykande usamd i.

Lødemel og Navarsete

IKKJE SAMDE: Medan Bjørn Lødemel (H) meiner dagens framlegg til statsbudsjett er ein opptur for Sogn og Fjordane, meiner Liv Signe Navarsete (Sp) budsjettframlegget legg opp til ytterlegare sentralisering.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide/Erlend Aas / NRK/NTB Scanpix

– Det er ikkje tvil om at landet vårt går inn i ein krevjande situasjon sidan oljeprisen er halvert og vi får aukande arbeidsløyse i ein del av landet, samt at vi får stor tilstrøyming av asylsøkjarar og flyktningar, seier Lødemel.

Han peikar på at det er krevjande for både statlege og kommunale myndigheiter.

– Det budsjettet som er lagt fram no, det er med på å motverke desse tinga og skape moglegheiter for vekst og utvikling, seier Lødemel.

Meiner dei demmer opp for negativ utvikling

Han peikar spesielt på grepa som regjeringa i framlegg til budsjett tek i form av skatte- og avgiftslette.

– Her legg ein vekt på at næringslivet skal ha større moglegheit til å skape trygge arbeidsplassar. I tillegg til den formidable satsinga på helse og kunnskap som går på å demme opp for den negative utviklinga som kan komme i form av vekst og omstilling, seier Lødemel.

– Korleis tykkjer du budsjettet har slege ut for Sogn og Fjordane?

– Eg tykkjer det er eit godt budsjett. Det er kraftig satsing på samferdsle, og det er også satsing på næringslivet som vil tene oss framover, seier Lødemel.

Trur det vil auke både busetnad og verdiskaping

Han er mest nøgd med satsinga på samferdsle.

– I tillegg til einskildsaker eg har jobba mykje med, som Måløyraidsenteret og produktavgifta. Det er inspirerande for vegen vidare, for det er nok å ta tak i, seier Lødemel.

– Senterpartiet meiner dette budsjettframlegget vil føre til auka sentralisering. Kva er ditt svar til det?

– Det har vore Senterpartiet sitt mantra i heile valkampen. Eg meiner definitivt at dette vil skape verdiar i Sogn og Fjordane som gjer at vi kan auke busetnaden, verdiskapinga og få til ei god omstilling. Det vil trygge framtida til folk i Sogn og Fjordane, seier Lødemel.

Meiner regjeringa ikkje har komme med noko nytt

Det er slett ikkje stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) samd i.

– Det har ikkje komme noko nytt frå regjeringa på samferdsle. Det er ingenting om Vikafjellet og ingenting om oppstart av skipstunnelen. Dei følgjer berre opp det som vi la fram, seier Navarsete, som ikkje er imponert.

– Det som er verre er at kommuneøkonomien vert så svak. Fylkeskommunen får ein veldig svak vekst, og dei har trøbbel frå før. Pendlarfrådraget er kutta, breibandmidlane er kutta, bortebuarstipendet for lærlingar er kutta. Spesielt fell det meg tungt for hjarta at ein må betale 25 prosent skatt viss ein vil sende garden vidare til neste generasjon, seier Navarsete.

Ho meiner budsjettet legg opp til auka sentralisering, og at Sogn og Fjordane kjem uheldig ut på dei fleste parameter.

– Dei prioriterer dei store kommunane, mens ein ikkje prisjusterer småkommunetilskot. Her er ein jobb å gjere framover. Vi må setje vår lit til Venstre og KrF, og som har makt til å gjere nokre endringar, seier Navarsete.