Han meiner Arbeidarpartiet gøymer seg i deponisaka

Fylkesleiar i Høgre, Arve Mjømen, meiner Arbeidarpartiet er usynlege i saka om sjødeponi og gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal. Det meiner fylkesleiar i Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, er hovudristande til utspelet.

Arve Mjømen

IKKJE NØGD: Høgreleiar i Sogn og Fjordane, Arve Mjømen. meiner Arbeidarpartiet er usynlege i Engebø-saka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Mjømen meiner Arbeidarpartiet må stå for det dei eigentleg meiner og slutte å vere usynlege.

– Eg er lite tilfreds med at Arbeidarpartiet er stille og rolege når det gjeld dette. Dei har vore veldig på bana tidlegare for å få pondus når det gjeld veljarar, seier Arve Mjømen (H).

Han tykkjer det er merkeleg at Høgre må stå åleine om å vere forkjemparar for å få gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal, trass i at Arbeidarpartiet lenge har sagt at også dei ønskjer det.

Meiner det er alvorleg

– Eg tykkjer dei er fråverande no, og det er alvorleg for eit seriøst parti, som dei ønskjer å vere, seier Mjømen.

I førre veke vart det klart at Miljødirektoratet seier nei til eit sjødeponi i Førdefjorden. Høgre har måtte tole mykje kritikk for at dei meiner næringsnytta veg tyngre enn konsekvensane for miljøet.

No meiner Mjømen at andre parti må stå for det dei har sagt tidlegare.

– Eg meiner at dette er ei viktig næring for Sogn og Fjordane, og det står eg for. Eg tykkjer at både Senterpartiet, Kristeleg folkeparti og Arbeidarpartiet er rimeleg fråverande no, når ein tenkjer på kva dei sa i valkampen, seier Mjømen.

Han undrar seg over situasjonen.

– Spesielt Arbeidarpartiet, som gir seg ut for å vere seriøst i den næringsskapande og politiske biten i Sogn og Fjordane, burde vore på bana i dette, seier Mjømen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinbrotet i Engebøfjellet

SJØDEPONI: Nordic Mining ønskjer å starte gruvedrift i Engebøfjellet og deponere avfall i Førdefjorden.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Meiner det er furting

Men Hilmar Høl, som er fylkesleiar i Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, tykkjer dette er eit merkeleg utspel frå Mjømen.

– At dei sit og furtar på Arbeidarpartiet og ikkje tek opp politikken, så bør han aller helst halde seg vekk frå politikken. Det er heilt latterleg utspel, seier Høl.

Hilmar Høl

FURTING: Fylkesleiar i Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, Hilmar Høl, meiner Høgre furtar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Han meiner Høgre og Arve Mjømen heller bør konsentrere seg om å snakke med partikollegaene sine i miljødepartementet, som faktisk skal ta avgjerda om det vert sjødeponi eller ikkje, enn å bruke energi på å kritisere Arbeidarpartiet.

– Vi er for Engebø-prosjektet på ein berekraftig og miljøvenleg måte. Arbeidarpartiet er ikkje i regjering lenger, og då må heller fylkespartiet og Mjømen heller konsentrere seg om å jobbe inn mot det departementet som har saka, enn å furte og klage på at Arbeidarpartiet ikkje får kjeft, seier Høl.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.