NRK Meny
Normal

Ekstrem-sommaren endra ferieplanane

Sommaren har vore så hektisk for brannmannskapa i Aurland at sjefen ferierte i nærområdet, og fleire måtte forskyve ferien sin.

Reinhardt Sørensen

HEKTISK SOMMAR: Brannsjef Reinhardt Sørensen i Aurland heldt seg i nærområdet også i ferien sin.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I alt har Aurland brannvesen hatt 16 aksjonar i sommar. Berre i veka før bussbrannen i Gudvangatunnelen hadde dei seks utrykkingar. Brannsjef Reinhardt Sørensen fortel om eit vidt spekter av oppdrag.

– Det har vore alt frå hjartestarting, ras i Flåmsdalen og drukning, til det vi har mest av, trafikkulukker. Men det har gått bra, vi er godt drilla og har mange øvingar i lag, og vi har ein kjempegjeng som jobbar godt i lag.

Flaumfare

Men for å få kabalen til å gå i hop har Sørensen måtta flytte på delar av feriane til fleire av dei som er involverte i brann og redning i Aurland, og sjølv har han feriert i nærområdet for å vere tilgjengeleg om noko skulle skje.

– Sidan det har vore fare for flaum i Flåmselvi har det vore ekstra utfordrande for oss. Men alle har fått litt sommarferie. Og alle har forståing for situasjonen, så det har gått greitt.

Aurland kan ha inntil 20.000 personar innom i løpet av ein dag i høgsesongen. Når cruiseskipa klappar til kai i Flåm, strøymer einskilde dagar tusenvis av turistar ned landgangane. Når i tillegg mykje av gjennomgangstrafikken mellom Oslo og Bergen går gjennom kommunen, seier det seg sjølv at mykje kan skje.

Og det har det gjort i sommar. Bussbrannen i Gudvangatunnelen er den største og mest dramatiske hendinga. Og brannsjef Sørensen meiner folk i kommunen er flinke til å seie frå når dei ser noko som dei meiner kan skape farlege situasjonar.

Tips frå ein campingplasseigar førde til at dei fekk avverga ein bussbrann i Gudvangatunnelen 24. juli.

Ras i Flåmsdalen

HELL I UHELLET: Brannsjefen er glad for at raset i Flåmsdalen gjekk om natta.

Foto: Anders Fretheim

Kan takke flaks

Men oppi det heile er brannsjefen glad for at det ikkje har gått med menneskeliv. Ved brannen i Gudvangatunnelen gjorde kjapp utrykking og eit nytt og godt fungerande naudnett at det gjekk bra. I andre hendingar har rein flaks spela inn.

– Det at raset i Flåmsdalen gjekk om natta gjorde at ingen menneske var i nærleiken. Hadde raset gått på dagtid med alle dei som ferdast der hadde det vore stor risiko for at nokon hadde blit tekne av raset. For der er det enorm trafikk både av syklande, gåande og bilistar.

Og det er ikkje berre sommaren som har vore hektisk og slitsam for folka i Aurland brannvesen, seier Reinhardt Sørensen.

– Vi har hatt mykje å gjere i heile år med oppattbygging etter flaumen i Flåmselvi i oktober i fjor. Storparten av brannfolka arbeider i kommunen, og dei har i lag med NVE hatt mykje arbeid etter at elva gjekk over breiddene.

Fryktar brann på Aurland-Hol

Brannsjefen er glad for at det nye naudnettet er på plass i tunnelane på E39, og at det viste seg å fungere så godt som det gjorde. Men han har andre tunnelar i kommunen - utan naudnett.

– Opp Låvisberet på fylkesveg 50 Aurland-Hol er det lang og bratt stigning. Der kan det fort skje at det blir overoppheting på veg opp og varmgang i bremser på veg ned. Tunnelane på den vegen er ikkje utstyrte med naudnett. Vi har naudnett i berre fire av i alt 17 tunnelar i kommunen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.