Hopp til innhold

No må han leie treningane sjølv

Hovudtrenar Eirik Bakke i Sogndal Fotball er klar for å vere meir synleg etter at assistenttrenaren vende heim til England.

Eirik Bakke

MÅ TRE FRAM: Eirik Bakke (t.v.) er klar for å ta meir tak i trenignar og kampar etter at Ian McParland har reist frå Sogndal.

Foto: Anders Hoven, Digitalsport AS

I går vart det kjent at Ian Mc Parland forlet Sogndal etter knappe tre månader. Saknet etter familien vart for stort, og kanskje vart tilhøva i Sogndal litt for små for den meritterte trenaren.

– Vi har merka dei siste vekene at han har vore litt ubekvem og har ikkje vore seg sjølv. Då er det greitt at det blir som det blir. Eg trur vi skal greie å snu det til noko positivt.

– Ikkje ideelt

Dermed blir det ein ny kvardag for hovudtrenar Eirik Bakke.

– Vi held no fram med å trene, fleipar han når NRK spør korleis dei skal gjere det utan McParland.

– Det er ikkje ideelt at Ian reiste tilbake, men vi er opptekne av å ha folk som har lyst til å vere her. Ian følte dei siste vekene at det vart for store forskjellar frå det han var vant til i England, og saknet etter familien vart for stort. Det må vi respektere. Så må vi andre ta eit ekstra tak, så skal vi bli sterke framover.

For det er Ian Mc Parland som har vore den som har leia dei fleste treningane, og det er han som har vore mest synleg i treningskampane. No må Bakke sjølv ta den rolla.

– Vi har planlagt alt i lag, vi har same filosofien. Når vi henta ein kapasitet som Ian til klubben så måtte han få stor plass. Men eg er veldig komfortabel med å ta meir ansvar på feltet.

– Må summe oss litt

– Er de i gang med å finne ein erstattar?

– Vi diskuterer internt kva veg vi skal gå vidare. Det har skjedd fort dette, så vi må summe oss litt, og så avgjere om vi skal løyse det internt eller hente inn nokon annan. Vi må i så fall ha ein som har same filosofien som oss. Difor vil vi bruke litt tid på det.

Bakke seier at dei har lagt eit grunnlag dei månadene McParland har vore i Sogndal.

– No er det lettare for meg å tre inn i den rolla eg skal ha, så eg trur det blir veldig bra framover.

– Har tru på at det blir bra

Sogndal skal den 31. mars ha den siste treningskampen - mot Hødd - og rett over påske startar seriealvoret med heimekamp mot Bærum. Sogndal har ikkje imponert resultatmessig i treningskampane, men Eirik Bakke er likevel optimist.

– Det har variert litt, men eg har veldig tru på at det blir bra. Treningskampar er treningskampar. Vi prøver å spele på ein annan måte enn tidlegare. Eg trur folk vil få sjå eit Sogndal som er vanskeleg å møte den 6. april.

At McParland forlet Sogndal skaper ikkje noko problem for lisensen til laget. Eirik Bakke er enno ikkje ferdig med trenarutdanninga si, men han har det han treng for å leie laget sitt i 1. divisjon.

Hadde Sogndal spelt i eliteserien ville det ha stilt seg annleis. Då hadde Sogndal Fotball hatt berre dagar på seg til å skaffe seg ein trenar med den utdannina som krevst.