NRK Meny
Normal

Han må finne svaret på kvifor det stoppar opp

Førdianaren Marius Vedvik greidde ikkje målet om å springe under åtte minutt på 3000-meter i Florø i dag. No må han finne ut kvifor han går tom på slutten.

Vedvik skuffa på 3000-meter

SKUFFA: Her er han framleis i leiinga, men Marius Vedvik fekk det tøft på slutten.

Foto: Rune Fossum / NRK

Førdeløparen har i år som mål å nærme seg OL og VM-krava på 5000 og 10.000 meter. Dagens løp var ein test på om han har marsjfarta inne. Det såg bra ut til det stod igjen tusen meter. Deretter sa det stopp.

– Eg må gå gjennom kva som er problemet, for det har skjedd nokre gonger at det har stoppa opp litt på dei siste 800 meterane. Eg går tom, så eg må sjå på kva som er tingen, seier han.

Har trent på å halde høg marsjfart

Det er 5000 og 10.000 han satsar mest på. Men før årets sesong han har trent målretta mot å komme under åtte minutt på 3000. Difor var sluttida på 8.11 langt frå godt nok.

– Det er litt fortvilande, men det er lenge igjen av sesongen enno, seier Vedvik.

No ser han fram til å få teste forma på 10.000 meter i Nederland i neste veke. Det var der han tok EM-kravet i fjor.

Fekk plaster på såret

I 2016 er det OL i Rio de Janeiro, med VM i friidrett i London det etterfølgande året. Skal Vedvik kvalifisere seg må han springe under 13 minutt og 23 sekund på 5000 og under 28 minutt på 10.000 meter.

– Viss eg er ein 15 sekund bak på 5000 i år og 20-25 sekund på 10.000, så er eg på skothald til neste år seier Vedvik.

Løpet i dag vart ikkje som han hadde håpa. Men som eit plaster på såret vart Vedvik overraska med tildelinga av 50.000 kroner i Furorestipend.

– Det var utruleg moro – og uventa. Eg hadde søkt, men eg hadde ikkje trudd at dei skulle kome her i dag, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.