Hopp til innhold

Han lovar at løysinga på Atløysambandet er kort tid unna

SKEI (NRK): Stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad (Frp) meiner det berre er snakk om dagar eller veker før regjeringa presenterer ei løysing for korleis ein skal erstatte ferje med bru mellom Askvoll og Atløy.

Helge Andre Njåstad

KORT TID: Stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad trur løysinga på Atløysambandet kjem innan kort tid.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi i Framstegspartiet har i lag med samarbeidspartia KrF, Venstre og Høgre lenge engasjert oss i at vi ønskjer å gjere det lønsamt å byggje bru i staden for å drifte ferjene. Når ferjeavløysingsordninga no skal setjast ut i live, dukkar det opp ulike utfordringar.

For Atløysambandet er det ei utfordring at det likevel må vere ei ferje til Bulandet i området.

– Den saka må vi finne ei løysing på. Det er ikkje lenge til regjeringa kan presentere ei løysing, seier Njåstad.

– Kor snart?

– Rimeleg snart. Det ligg ikkje langt unna. Vi snakkar dagar eller veker her, seier Njåstad.

Har sine utfordringar

Njåstad er i helga i Sogn og Fjordane på årsmøtet til Framstegspartiet, og hadde helst sett at han kunne komme med løysinga her.

– Men det kan eg ikkje, for det er ikkje heilt klart, seier Njåstad.

Utfordringa er at dersom ein skal få full utløysing av midlar frå ferja, må ferja leggjast ned. Men det går ikkje, sidan ein er avhengig av å ha ferje ut til Bulandet og Værlandet.

– Utfordringa er at det blir definert som eitt samband. Men vi får sjå kva løysing vi finn, seier Njåstad.

Han hadde sett at påtrykket frå fylkeskommunen var større i saka etter at ordninga med ferjeavløysingsmidlar kom på plass.

– All den tid det er fylkeskommunale ferjer som skal erstattast, er det viktig. Men eg trur vi får til Atløysambandet likevel, seier Njåstad.

Trur fylkeskommunen har råd

Gruppeleiar for Framstegspartiet i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik,

– Det er veldig positive signal. Denne saka har vi jobba med så lenge, så at det no ser ut til å komme ei avklaring i løpet av kort tid, det er vi svært glad for, seier Djuvik.

– Har fylkeskommunen råd til dette?

– Det er det vi håpar på, samt at løysinga som innan kort tid blir presentert, skal gje ei moglegheit for ei endeleg realisering av Atløysambandet, seier Djuvik.

Han vil ikkje forskottere noko, men tolkar signala frå Njåstad positivt.

– Eg trur vi vil få ei løysing som finansierer heile sambandet, seier Djuvik.