NRK Meny
Normal

Han køyrer i 120 verda rundt

Håvard Hallerud (18) køyrer kart. Slik som ein leige og prøve på ei go kart-bane. Berre mykje, mykje fortare.

Håvard Hallerud

VERDSFINALE: Håvard Hallerud køyrer Le Mans i Frankrike 2016. Kart kan minne om formel 1, på liknande baner og førarane sit langt nede mot vegen. Søndag 16. april køyrer han B-finale i eit løp i Italia klokka 10.40 og 13.30.

Foto: Marc Quinlivan

Medan andre er på påskefjellet i Norge, brukar Håvard Hallerud ferien på ei asfaltert bane i Italia med lukta av svidd gummi i nasen.

Her trenar og køyrer Førde-guten kart-løp, som til vanleg går siste året på vidaregåande.

– Dette er vel min tiande løpssesong. Første gong eg prøvde var på sommaridrettsskulen når eg var ni år. Eg sa til pappa då eg kom heim at eg ville begynne å køyre go cart. Han venta litt for å sjå om eg faktisk meinte det, og nokre månader seinare tok han meg med opp på bana i Førde, fortel Hallerud.

kartsport håvard hallerud

Far til Håvard Hallerud er mekanikar for sonen på løpa.

Foto: Hilde Hallerud / privat

Skuffa over B-finale

I Italia køyrer han eit enkeltløp i international open. Heile veka køyrer dei på bana for å trene seg og bli kjend med svingane. Deretter må dei gjennom tidskøyring, inneleiande heat og finalar.

– Det har ikkje gått så bra i løpa her. Eg hadde håpa på å kunne køyre bra i a-finale og hevde meg der. I staden for blir det langt bak i b-finalen, fortel han.

Hallerud vart nummer 61 etter dei innleiande rundane.

I motorsporten med små bilar der sjåføren sit nesten heilt nede ved bakken kan det gå hardt for seg. Hallerud var uheldig og vart påkøyrt i eitt heat, og køyrde inn i nokon framfor som hadde krasja.

– Men eg har lært mykje av veka med treninga og løpa. Og det var litt av greia med at eg reiste ned.

kartsport håvard hallerud

FART: På dei rette strekkane kan farten kome opp i 120 kilometer i timen. I svingane ligg dei mellom 40–60 kilometer i timen.

Foto: Hilde Hallerud / privat

Pappa som mekanikar

Interessa har blitt utvida til heile familien, og foreldra er støtteteam når Hallerud reiser verda rundt på kart-løp. Far er mekanikar, mor er støtteapparat, fortel Håvard Hallerud.

– Det tek mykje tid og pengar. Men det er snakk om prioriteringar, vi brukar heller pengar på dette saman, enn å køyre rundt i nye bilar til dømes. Tida vi brukar i lag er det viktigaste, fortel mor Hilde.

Reisene i Europa til ulike baner gir dei opplevingar dei ikkje ville fått sydenturar eller liknande, trekk ho fram.

Europa rundt

Det er høgt nivå på løpet Håvard Hallerud deltek i Italia. Og små marginar skil dei beste, frå dei på midten av resultatlista.

– Konkurransen her er god. Rundetidene viser at frå 1.-plass til 40.-plass skil det berre 3 tidelar.

Vidare i sesongen skal 18-åringen blant anna til Belgia, Tyskland og Sverige for å delta i løp. Samstundes skal han søke på vidare utdanning, og finne ut kva han skal gjere til hauste. Og om kartsport har ein plass.

– Eg har søkt på sosialøkonomi og noko slikt. Men eg er ikkje sikker på kva det blir. Vi får sjå, seier han.

Håvard hallerud kartsport

ITALIA: Håvard Hallerud (18) frå Førde køyrer kartløp rundt om i Europa der nivået er høgre enn i Noreg.

Foto: Hilde Hallerud / privat
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.