Hopp til innhold

Han køyrer Førde-spelarane hardt

Førde sitt andredivisjonslag i fotball har seks treningsøkter i veka, i tillegg står fire treningskampar på planen før februar går over i mars.

Julian Madsen

HAR TRU PÅ FØRDE: Julian Madsen har som mål at Førde skal gjere det betre enn i fjor.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Julian Madsen, som tok over trenaransvaret sist haust, seier at laget er godt i gang med sesongoppkøyringa og har trent godt og mykje sidan 4. januar. Han har auka frå fire til seks økter i veka.

– Det har ført til ein del slitne bein og hovud. Likevel har innsats, konsentrasjon og lærevilje vore upåklageleg. Vi har sleppt unna skadar bortsett frå noko småtteri, og det er eit godt teikn. Vi har vore flinke til å variere på intensiteten.

Vil sleppe til dei unge

Madsen er i ferd med å drille inn ein ny spelestil. Han reknar med at det tek tid før den sit i ryggmargen hjå alle spelarane. Og han vil ikkje legge lista for sesongen på nokon spesiell plassering i 2. divisjon.

– Eg er oppteken av at vi skal vere betre enn i fjor. Spelargruppa skal snart få seie sitt. Eg ynskjer å sleppe til unge spelarar, det er viktigare for meg enn om vi blir nummer seks eller åtte.

– Vil du halde på den filosofien sjølv om de skulle slite under nedrykksstreken?

– Ja, min tanke er at vi må tore også då. Men så er det sjølvsagt slik at i einskilde kampar møter vi mykje fysikk, og då må vi ta val ut frå det, men eg pleier å la dei unge spele også i tøffe kampar.

I fjor vart Førde nummer ti i 2. divisjon og berga plassen med ein sterk sluttspurt.

Gisle Isene (i midten)

ASSISTENTTRENAR: Gisle Isene fortel om planen for treninga. Til venstre Vegard Savland, til høgre Svenn Ove Gjøringbø.

Fire treningskampar i februar

Førde har alt spelt to treningskampar, mellom anna mot Florø, med 4-2-tap som resultat. Komande søndag møter dei Raufoss i Sogndal, den 14. februar møter dei Fjøra i Sogndal, den 17. februar står Sogndal på andre sida av bana i Sognahallen, og den 27. februar er Florø motstandar i Førde.

Med andre ord fire treningskampar på under tre veker. Men Madsen meiner det ikkje blir for tøft.

– Vi har alltid ein fridag i veka, og vi har brukt mange spelarar på dei treningskampane vi har hatt, så belastninga skal ikkje bli for stor.

Førde-spelarar 2016

NYE SPELARAR: Markus Attila (nr. 2 frå høgre) og Christian Aarbogh Bjerke (nr. 4 frå høgre) er spelarar trenaren har stor tru på. Heilt til høgre Eirik Lund Holm og mellom Bjerke og Attila Thor Jørgen Spurkeland.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Steingod erstattar for Gjermundstad

Vegard Gjermundstad har sagt takk for seg i Førde og meldt overgang til Florø. Men Madsen meiner dei har ein god erstattar.

– Absolutt. Vi har fått inn ein ung stoppar frå Viking, Markus Attila jr, som eg har veldig tru på. Han har vore steingod den første månaden. Vi misser ein leiar og tøffing i Gjermundstad, men vi har fått inn ein mykje meir spelande stoppar som eg trur laget kanskje treng like mykje. Totalen ser bra ut.

Julian Madsen har og god tru på Christian Aarbogh Bjerke. 26-åringen kjem frå Brumunddal og skal overta i målet etter Ante Knesovich, som gjekk til Viking.

Julian Madsen

VIL SATSE PÅ UNGE SPELARAR: Trenar Julian Madsen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Frisk Myrkaskog beste spissen i 2. divisjon

I den andre enden av bana er Øystein Myrkaskog eit usikkert kort. Han er nyoperert for kneskade, og kan i beste fall vere klar for fotballspel til seriestart.

– Vi veit at han er tilbake snart. Det er vårt ansvar å halde han frisk. Han er ein type som ynskjer å trene og trene, så vi må bremse han og syte for at han brukar energien på rett tidspunkt. Greier vi halde han frisk har vi den beste spissen i 2. divisjon.

Julian Madsen meiner han har eit bra mannskap, men kan tenke seg eit par spelarar til i stallen.

– Eg er veldig nøgd med det mannskapet vi har, men vi treng kanskje å krydre det med eit par spelarar til. Det handlar om breidde, vi har ein bra ellevar, men vi treng litt betre breidde. Vi jobbar med den saka.