Hopp til innhold

Han kjempa mot tyskarane i 1940 – etterpå tok dei vare på han

Arne Åsen frå Frønningen vart mobilisert som 22 åring og deltok i det norske motangrepet i Valdres i 1940. Etter krigen vart han gløymd lenge, men lærdøler sørga for å dra han fram i lyset.

Arne Åsen

GLØYMD: Arne Åsen vart gløymd etter krigen med lokalbefolkninga i Lærdal har sørga for å bringe han fram i lyset.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg vart i skogen og arbeidde då eg fekk vite det, så vart eg mobilisert og reiste til Voss. Der fekk vi tildelt klede, våpen og alt. Så vart vi sendt vidare til Valdres.

Lærdølen var berre 22 år gamal då krigshandlingane tok til. Han fortel at dei ikkje tenkte noko særleg på kva som kom til å skje då dei tok toget frå Voss til kampane i Valdres.

– Vi trengde ikkje tenke noko på kva som ville skje seinare, det var betre å la det vere. Vi skjønte at det var alvor.

Gløymd

Åsen fekk forfrysingar og måtte på ei tysk sjukestove og få behandling etter krigshandlingane. Når han starta å bli betre vart han sendt heim att med tog.

Etter krigen vart han gløymd av staten og det er først nyleg 93-åringen har fått heider for innsatsen sin. Åsen fortel at det er lokalsamfunnet som har sørga for å dra han fram i lyset.

– Det er det, dei hugsa ikkje på meg etter krigen. Det etter synest eg ikkje noko om. Det er folk lokalt her som har sørga for at eg no har fått medaljar og diplom.