NRK Meny
Normal

Han kan bli årets unge bonde

VIKSDALEN (NRK): Erlend Fossen (30) er ein av tjue finalistar i konkurransen om å bli årets unge bonde.

Erlend Fossen byggjer ny sauefjøs

TUNGE TAK: Erlend Fossen er plukka ut blant 300 kandidatar til å kjempe om tittelen årets unge bonde. Her er han i aksjon i sommar under bygginga av den nye fjøsen.

Foto: Bård / NRK

For sjette året på rad skal årets unge bonde bli kåra. Prisen skal inspirere fleire til å velje ei karriere i landbruket og vinnaren blir kåra 28. november.

Fossen meiner det er på tide at ein bonde frå Sogn og Fjordane stikk av med sigeren, men er nøgd berre å vere blant finalistane.

– Det er kjekt å bli lagt merke til og at folk har tru på det eg driv med, seier han.

Hadde to alternativ

Han satsar stort, har eit brennande engasjement for norsk landbruk og er politisk aktiv. Tre punkt som alle gjer han til ein god kandidat.

No er han i ferd med å ferdigstille ein ny fjøs på nesten 600 kvadratmeter, med plass til litt over 200 sauer og 20 kyr. Prislappen er på seks millionar.

– Til å vere på desse kantar og her i bygda, så er det stort. Men eg hadde to alternativ, anten å satse, eller å leggje ned, seier Fossen.

Han håpar å ha dyra i hus til jul og ser fram til å ta den nye fjøsen i bruk. For bonden har tru på framtida som matprodusent, sjølv i eit fylke som Sogn og Fjordane.

– Eg har tru på landbruket og det har alltid interessert meg. Eg snakkar landbruket fram og ønskjer at fleire skal velje å satse på det som sitt levebrød. For mat er noko vi alle treng kvar einaste dag, seier Fossen.

Erlend Fossen kan bli årets unge bonde

KAN VINNE GJÆV PRIS: Erlend Fossen er plukka ut blant 300 kandidatar til å kjempe om tittelen årets unge bonde.

Foto: Bård Siem / NRK

Brennande oppteken av norsk matproduksjon

Han er frustrert over at ikkje arbeidet til bonden blir meir verdsett i samfunnet og liker dårleg at importen av mat til landet stadig aukar.

– Sett med mine auge er utviklinga regelrett tragisk. Politikarane vil gjerne det beste for landbruket, men gjerne i ulike retningar alt etter kva parti som styrer. Dei årlege jordbruksoppgjera gir lite føreseielegheit. Vi burde hatt ein lengre plan på kva det skal satsast på og ikkje årlege debattar om kva subsidiar bøndene skal få, meiner han.

Likevel viser satsinga at han trass alt er optimist og engasjementet let seg ikkje stogge.

– Det er mykje å gjere, men eg har prøvd det vanlege arbeidslivet og det å skape noko sjølv, spesielt noko så viktig som mat, det har interessert meg og det vil kome til å interessere meg, seier Fossen.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå