Hopp til innhold

Han hindra endå ein brann i Gudvangatunnelen

Varabrannsjef John Erik Johnsen frå Flåm køyrde det han kunne og fekk stansa ein buss med brann i motorrommet like før bussen tok fatt på den 11,4 kilometer lange Gudvangatunnelen.

John Erik Johnsen

AVVERGA STORBRANN: Varabrannsjef John Erik Johnsen er godt nøgd med at han fekk stansa den brennande bussen.

Foto: Arne Veum

Det var vg.no som først fortalde om branndramaet som kjapp reaksjon frå Johnsen fekk hindra den 24. juli, rundt tre veker før den dramatiske bussbrannen i Gudvangatunnelen 11. august.

John Erik Johnsen hadde brannvakt og var heime i Flåm då ha fekk ein telefon.

– Det var ein campingplasseigar her i Flåm som ringde og fortalde at han hadde sett ein buss som det rauk av og som køyrde inn i Flenjatunnelen her i Flåm, og at bilar som hadde køyrt etter bussen hadde stansa og rygga ut av tunnelen att.

Johnsen bur om lag ein kilometer frå tunnelopninga. Han heiv seg i bilen og sette på blålys og sirene og køyrde det han kunne for å nå att bussen.

– Det gjekk nok fort

– I slike situasjonar ser eg ikkje på speedometeret, men eg var under utrykking, og det hasta, så det gjekk nok fort.

Bussbrann Gudvangatunnelen

HER VART BUSSEN STANSA: Like før bussen skulle køyre inn i Gudvangatunnelen fekk Johnsen stansa den.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Han nådde att bussen tre-fire kilometer inne i den vel fem kilometer lange tunnelen, men kunne ikkje stanse bussen der.

– Eg køyrde forbi han og ut av tunnelen, og stod ved avkøyrsla til Undredal. Då bussen kom vinka eg han inn på avkøyrsla.

Var ikkje klar over at det brann

Det var to mann i bussen. Dei kom ut, og då dei opna luka til motorrommet bak i bussen var det open eld der. Ein av dei fekk henta eit brannsløkkingsapparat og fekk sløkt brannen.

Det er berre 500 meter frå utgangen av Flenjatunnelen til inngangen til den 11,4 kilometer lange Gudvangagunnelen, og dei to i bussen var ikkje klar over at det rauk frå motorrommet før Johnsen gjorde dei merksame på det.

– Dei hadde kome til å fortsette inn i Gudvangatunnelen, og då hadde vi fått ein tilsvarande bussbrann som den vi hadde for ei veke sidan. Det var bra at det vart reagert så fort slik at eg fekk stoppa han, elles hadde uhellet vore ute.

Bussen var frå Ukraina, dei to i bussen kunne korkje tysk eller engelsk, så Johnsen hadde visse problem med å gjere seg forstått, men dei to i bussen var takknemlege for at Johnsen fekk stansa dei før tunnelen.

– Men dei var sjølvsagt leie seg, dei var langt heimefrå, og dei hadde passasjerar som venta på dei i Myrkdalen, så dei var i ein klemt situasjon.

– Viktig at folk melder frå

Politi og ambulanse kom kjapt til. Dei måtte ringe ein tolk for å kunne kommunisere med dei to ukrainarane, og fekk dei etter kvart til å innsjå at dei ikkje kunne køyre vidare med bussen.

Varabrannsjefen i Aurland seier det er viktig at folk er observante og melder frå når dei ser at det ryk frå bilar på veg mot ein lang tunnel.

– Det er veldig viktig at dei seier frå. Denne gongen var det eigaren av ein campingplass her i Flåm som ringde direkte til meg. Det gjorde at eg var så raskt på pletten, det er eg takksam for.

Sleper ut bussvrak

KUNNE HA GÅTT SLIK: Det utbrende bussvraket blir slepa ut av Gudvangatunnelen etter brannen 11. august.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Kjekt å kunne avverge tunnelbrann

Og sjølv er han veldig nøgd med at han fekk avverga brannen den 24. juli.

– Det var veldig kjekt å oppleve at eg faktisk fekk avverga ein storbrann.

Og han får honnør frå sjefen sin, brannsjef Reinhardt Sørensen i Aurland.

– Det var flott gjort at han fekk stansa bussen. Det er 100 prosent sikkert at bussen ikkje hadde kome seg gjennom Gudvangatunnelen. Han hadde blitt ståande der i full fyr.

John Erik Johnsen er redd for at det er mange køyretøy som passerer gjennom tunnelane i Aurland og som når som helst kan ta fyr.

– Det er ofte svilukt i tunnelane, det er mykje varmgang i bremser. No om sommaren er det mange turistbussar, og det er varierande kvalitet på dei, så vi må vere på vakt og vere raskt på plass. Det viste bussbrannen i Gudvangatunnelen og, at når vi kom raskt på pletten og fekk snudd retninga på røyken, så gjekk det bra.